Luftmasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavsområda til luftmassar i verda. A, P, T og E er forkortingar for høvesvis arktisk (eller AA antarktisk) polar, tropisk og ekvatorial, medan m og c er forkortingar for høvesvis marin og kontinental.

Ein luftmasse er eit stort volum av luft med om lag einsarta eigenskapar. Dette er eigenskapar som temperatur, lufttrykk og innhald av vassdamp. Luftmassar kan dekke hundrevis til tusenvis av kvadratkilometer, og endrar seg sakte i takt med terrenget dei er over.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Luftmassar vert klassifisert ut i frå temperaturen og fuktinnhaldet deira. Temperaturen til ein luftfmasse vert definert som anten Arktisk, Polar eller Tropisk, der den arktiske lufta er den kaldaste og den tropiske lufta den varmaste. Fuktinnhaldet til ein luftmasse vert definert som anten Maritim eller Kontinental. Desse vert så brukt i kombinasjon med kvarandre. Til dømes er ein martitim tropisk luftmasse varm og fuktig, medan ein kontinental arktisk luftmasse er kald og tørr.

Arktikluft[endre | endre wikiteksten]

Arktikluft er tørr og kald luft som kjem frå område med permanent isdekke, til dømes frå Grønland eller polarområda.

Polarluft[endre | endre wikiteksten]

Polarlufta vert danna over snø- og isdekte område på høgre breiddegrader.

I området dei oppstår er polarlufta kald, stabil og tørr, men når ho strøymer over ope hav vert ho ustabil og tek til seg fukt. Når polarlufta når vestkysten av Noreg vert det gjerne sterk og uroleg nordvestavind med byevêr.

Rørsler og frontar[endre | endre wikiteksten]

Luftmassane kan endre eigenskapane sine etter kva terreng dei er over. Ein kald arktisk luftmasse er mest vanleg i arktiske område, og ein maritim luftmasse oppstår hovudsakleg over vatn. Luftmassane kan derimot flytte på seg, og ein maritim luftmasse som flyttar seg over land vil etter kvart miste fukta si og verte kontinental. På same måten kan ein tropisk luftmasse som flyttar seg nordover bli avkjølt og bli polar eller arktisk. Grensene mellom to forskjellige luftmassar er mjuke, men ein har ofte eit smalt område i overgangen mellom to luftmassar. Dette området kallar vi ein front eller ei frontsone, og ofte kan vi sjå desse frontane i form av synlege vêrfenomen. Luftmassar blandar seg sjeldan saman, og flytter seg heller rundt og erstattar kvarandre. Dei tilhøyrande frontane flyttar seg òg, og fører til endringar i vêret på overflata under. Frontar vert òg kalla opp etter luftmassen som pressar den bort, og vi kallar det ein kaldfront når ein kaldare luftmasse erstattar ein varmare luftmasse.

Luftmasse er derimot ikkje det same som småskala fenomen som mikroutbrot. Desse småfenomena involverer òg luftmassar, men uttrykket luftmasse vert berre nytta for vêrsystem over store område.

Andre luftmassar[endre | endre wikiteksten]

I Europa vert ein ekvatorial luftmasse definert som ein luftmasse som har sitt opphav nær ekvator og som skil seg frå tropiske luftmassar som utviklar seg i subtropiske strøk. Andre definisjonar er monsun luftmassar og overordna luftmassar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]