Luftpakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein luftpakke blir i meteorologien definert som ein klump med luft i atmosfæren. Storleiken på luftpakken avheng av kva skala ein ser på. Meteorologar studerer rørsla til luftpakkar og endringar som skjer i dei i samband med vêrvarsling.

Ein kan tenke seg ein luftpakke som ei øskje fylt med luft som har tenkte veggar, botn og lok. Ein luftpakke har visse eigenskapar, der varme og fukt er mellom dei viktigaste. Viss pakken får tilført varme, blir han varmare enn omgivnadene og vil stige. På same måte vil pakken søkke om han blir kaldare enn omgivnadene. Blir ikkje pakken påverka av omgivnadene, skjer det heller ingen endringar med pakken.