Luftskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Zeppelin NT (Zeppelin Neue Technologie), ein ny type luftskip som har vore produsert frå 1990-talet hjå den tyske verksemda ZLT Zeppelin Luftschifftechnik GmbH (som no har namnet ZLT Zeppelin Luftschifftechnik GmbH & Co KG) i Friedrichshafen.
Gondol på eit moderne luftskip, med to propellar til framdrift.
Eit varmluft-luftskip (varmluft-blimp), fotografert i Tyskland i 2007.
Gondolen til eit varmluft-luftskip.

Luftskip er eit sigarforma, motordrive luftfartøy som er lettare enn luft og kan manøvrerast (styrast) under flyginga. Store delar av det innvendige volumet er fylt med gass som er lettare enn lufta. Fram til 1937 var gassen stort sett hydrogen, mens ein i dag nyttar helium. Det finst to hovudtypar av luftskip: Zeppelinar, som er bygd opp med ei innvendig stiv ramme, og blimp som er utan ramme. Luftskip har motor med propellar som driv det framover, og ror til manøvreringa, og dei kan halde seg i lufta i fleire veker utan mellomlanding.

Blimp'en nyttar vanlegvis varm luft i staden for gass for å halde seg i lufta, og er ei vidareutvikling av varmluftsballongane. Lufta i eit slikt varmluft-luftskip vert varma opp av ein gassbrennar i gondolen på undersida, og då den varme lufta i luftskipet er lettare enn den kaldare lufta utanfor, gjev dette naudsynt oppdrift.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første luftskipet vart bygd av Henri Giffard og starta frå Paris den 24. september 1852, det vart drive av ei dampmaskin og styrt med eit segl. Den mest kjente personen når det gjeld luftskip er Grev Ferdinand von Zeppelin. Han påbyrja eit styrbart luftskip i 1899 og i 1900 foretok han tre flygningar over Bodensjøen. Hans draum var å bruke luftskip i militæret, men under den første verdskrigen vart det klart at dei ikkje var egna i krig. Før 1937 vart det brukt hydrogen til oppdrift i luftskip, men erstatta med helium i 1937 grunna fleire ulukker på 1930-talet. I 1937 skjedde ei ulukke som sette stoppar for luftskip med hydrogen då Hindenburg tok fyr ved landing i Lakehurst utanfor New York.

I dag blir luftskip i stor grad nytta til reklameformål, men også til rundturar i lufta, til landskapsfotografi og til forsking. I Kosovo har eit luftskip utstyrt med radar vore brukt til minesøkning (i 2001).

Noreg har hatt eit einaste luftskip, Luftskipet «Norge», som vart brukt av Roald Amundsen til ferda over Nordpolen i 1926.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]