Luftspegling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei underliggande luftspegling i Mojaveørkenen på våren. Det som ser ut som ein liten innsjø, er i røynda berre ei luftspegling av himmelen over.
Ei overliggande luftspegling ved Norskekysten

Ei luftspegling er eit optisk fenomen der lysstrålar vert bøygde av og lagar eit bilete av fjerne objekt. Som i ein spegl viser luftspeglinga eit bilete av noko som er ein annan stad. Prinsippet bak er derimot refraksjon og ikkje refleksjon.

Ei luftspegling er ikkje ein optisk illusjon. Det er eit verkeleg fenomen og ein kan ta bilete av det. Tolkinga av biletet er derimot opp til fantasien.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Årsakene til ei underliggande luftspegling (lysbøyinga er sterkt overdriven)

Kald luft har større tettleik enn varm luft og har difor ein større brytingsindeks. Når ljos rører seg frå kaldare til varmare luft vert det bøygd av temperaturgradienten («normalen» i figuren til høgre), når det flyttar seg frå varmare til kaldare vert det bøygd mot gradienten. Figuren til høgre viser ein lysstråle som kjem ovanfrå ned mot den varmare overflata. Viss lufta nær bakken er varmare enn lufta høgare oppe bøyer lysstrålane seg i ein konkav, oppovervendt bane. Når strålane treffer auget vårt oppfattar auget vårt det som dei kjem rett framanfrå, sjølv om dei i realiteten kjem ovanfrå. Resultatet blir då ei underliggande spegling der det ser ut som himmelen ligg nede på bakken. For ein som ser på kan dette sjå ut som vatn som reflekterer himmelen over. Slike luftspeglingar kan blant anna sjåast på glovarme asfaltvegar eller i ørkenar.

Dersom lufta ved bakken er kaldare enn lufta over vil lysbrytinga vere nedoverbøyd, og resultatet vil vere ei overliggande spegling, òg kalla ei hildring eller fatamorgana). Det vil då dannast eit bilete i horisonten som ser ut som det svevar over bakken. Slike luftspeglingar er mest vanleg i polare strøk eller i høgtliggande dalføre, og vert gjerne sett om morgonen etter ei kald natt. Dette har mellom anna ført til at ein i polarstrøka har trudd ein har sett øyar i det fjerne som i røynda berre var luftspeglingar.

Normaltilstanden i jordatmosfæren har ein vertikal temperaturgradient med eit fall på kring 0,6 til 1 °C per 100 meters høgd (det vert kaldare jo høgare ein kjem). I følgje Minnaert[1] må gradienten vere minst 2 °C per meter for å få ei luftspegling, og speglinga vert ikkje kraftig før gradienten når 4 eller 5 °C per meter. Desse tilhøva kan oppstå dersom det er sterk oppvarming på bakkenivå, til dømes når sola skin på asfalt eller sand.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marcel Minnaert; The Nature of Light and Colour in the Open Air; 1948; ISBN 0-486-20196-1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]