Luigi Galvani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luigi Galvani

Luigi Galvani (9. september 17374. desember 1798) var forelesar i anatomi, fysikar, filosof og professor ved Universitetet i Bologna i Italia. Oppdagingane hans førte til oppfinninga av det vi i dag kjenner som batteriet.

Galvani forska på elektrisitet i dyr. Han hadde fatta interesse for emnet då han la merke til korleis musklane til ein frosk av og til rykte til. Dette skjedde når frosken låg klår til dissekering på eit bord, der ein òg hadde eksperimentert med statisk elektrisitet. Galvani viste korleis slike rykkingar kunne framkallast ved å kople musklane til ein daud frosk direkte til ein slik maskin. Men den viktigaste observasjonen kom då beina til froskane vart hengt opp på ein messingkrok, som kom i kontakt med eit gjerde av jarn og dei same rykkingane viste seg. Etter å ha freista dette nokre gonger konkluderte han med at rykkingar var lagra eller produsert i musklane til frosken.

Alessandro Volta (17451827) var heilt usamd i denne konklusjonen. Han meinte at rykkingane skulda elektrisitet, men at han kom frå ei utvendig kjelde. I Galvani sitt tilfelle var det gnidinga mellom messingkroken og gjerdet av jarn. Gjennom mykje eksperimentering klarte han ikkje berre å vise at han hadde rett, men han fann òg opp voltasøyla. Denne oppfinnelsen kalla han eit galvanisk element til ære for motstandaren sin. I dag kjenner vi elementet som eit elektrisk batteri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]