Lukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aili Keskitalo med lukka.

Lukka eller luhkka (nordsamisk luhkká), også kalla «samisk poncho» eller «cape», er ei samisk kappe med hette. Plagget har opning til hovudet og rekk ned til hendene og livet. Det vernar mot kulde og vind, og er vanleg vinterutstyr som kan brukast over kufte eller pesk. Luhkká kan også visa til kappe utan hette, men i Nord-Noreg blir denne varianten kalla njálfáhtta.

Ole Mahtte Gaup, til venstre, med ein lukka.

Lukka er tradisjonelt laga av tjukk vadmål og pynta med anna farga klede og band. Moderne utstyrsprodusentar som Fjällräven har også utforma lukkaer i kunststoff.

Lukkaer blir tidvis gjevne som gåve ved høgtidelege høve, gjerne med påsydd namn. Kronprins Haakon Magnus blei til dømes gjeven ein lukka då han vitja Sametinget under opninga på Samefolkets dag i 2009. Ved same høvet fekk Kronprinsesse Mette-Marit ein njálfáhtta. Også sameminister Rigmor Aasrud og hotelleigar Olav Thon er blitt gjevne slike plagg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]