Luleå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°35′8″ N 22°9′22″ E

Luleå domkyrkje
Storgatan i Luleå
Storgatan om sommaren

Luleå (finsk Luulaja, nordsamisk Luleju, lulesamisk Julev) er ein by i det svenske Norrbottens län i landsdelen Norrland. Han er administrasjonssenter for både Luleå kommun og Norrbottens län. Innbyggjartalet er for delen til bykjernen i overkant av 46 000, og for kommunen som heilskap nærare 74 000. Byen vart grunnlagt i 1621 av Gustav II Adolf og hadde då plasseringa si i det som no heiter Gammelstad. Dei rike førekomstane av jernmalm i traktene rundt Gällivare og Kiruna danna grunnlaget for byveksten til Luleå, sidan byen ligg ved den nordlege enden av Austersjøen. Ved utløpet til Lule älven i Austersjøen vart det etter kvart danna ei god utførselhamn for den malmen som enno brytast ut ved Gällivare og Kiruna.

Etter kvart som skipa vart større og havnivået sokk, tvinga ei større byflytting seg fram, og byrja den forholdsvis raske veksten i det området han ligg i no. Her vart det med tida bygd opp ein større industri, ved sidan av malmutførselen. Særleg var det den metallurgiske industrien som voks, med eit større stålverk og eit koksverk som hjørnesteinar.

Eit av særprega ved Luleå hamn er balansen mellom innførsel og utførsel, det gjensidige tilhøvet mellom desse og dei ringverknadane dette har gjeve, og enno gjev, for byen Luleå. Hamna er elles den største i Sverige nord for Stockholm, der skip med lasteevne inntil 110 000 tonn kan anløpe.

I tillegg til å vere ei viktig hamn, er Luleå ein større skuleby der det finst fleire vidaregåande skular og eit universitet. Studentar frå fleire land er representert her, der dei studerer ulike fag som teknologiske fag, samfunnsfag og helsefag.

År om anna kan nærare 15 000 studentar stadfeste tilknytinga si til Luleå.

Som kulturby er Luleå ein av dei viktigaste i Sverige. Regionteatret Norrbottensteatern er plassert her, det samen er Nord-Sveriges største kulturhus, Kulturens hus. Sistnemnde innehar i tillegg til konsertsalar eit større folkebibliotek.

Næringslivet er mangfaldig og variert, Luleå har eit pulserande og aktivt uteliv og turismen er ei stor vekstnæring.

Samferdselstilhøva er gode, her er ein flyplass med internasjonale mål som ligg på Kallax ved sørbreidda av Luleälven, og ein jernbanestasjon gjev samband til blant andre Stockholm og Narvik.

Kystriksvegen E4 passarar Luleå, og mellomriksvegen E10 fører trafikken i retning Kiruna og Noreg. Elles gjev hamna høve for anløp av cruiseskip sommartider.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luleå

Kjelder[endre | endre wikiteksten]