Lulesamisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lulesamisk
(julevsáme)
Klassifisering: Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i: Noreg, Sverige
Område: Nordland, Västerbotten
Lulesamisktalande i alt: 2000
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Tysfjord kommune
Normert av: Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-2: smj
ISO 639-3: smj

Lulesamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det har ca. 2 000 talarar. Dei fleste lulesamane bur i Sverige, nokre bur i Noreg, dei fleste av dei på norsk side bur i Tysfjord kommune.

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Lulesamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukast á for lang [a:], og ŋ for [ŋ]. Den siste lyden vart tidlegare skrive ń, i praksis (på grunn av 8-bits datasystem) ofte ñ. Sjølv om nord- og lulesamisk er svært lik kvarandre språkleg er det store skilnader i skrivemåten. Denne skilnaden går attende til Rasmus Rask sitt framlegg til nordsamisk rettskriving, lulesamisk heldt fast på den gamle, norsk-svenske skrivemåten, og skriv sjaddat og tjállet der nordsamisk har šaddat, čállit ('bli, skrive').

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Lulesamisk skil seg frå nordsamisk ved å ha oppretthalde distinksjonen mellom genitiv og akkusativ.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det lulesamiske skriftspråket vart etablert av Lars Levi Læstadius (18001861) med det religiøse verket Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan ('Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande', 1837 el. 1839). I 1844 gav han ut Tåluts suptsasah, ei bibelhistorie på 259 sider. Det vart gjeve ut ei salmebok på lulesamisk i 1895. I byrjinga av 1900-talet utvikla K.B. Wiklund eit skriftspråk for lulesamisk. Etter 2. verdskrigen kom Bergsland /Ruong ortografien, den første samiske ortografien der ein morsmålstalar hadde vore med og utvikle han. Gjeldande lulesamiske skriftspråk vart utarbeida av lulesamisk språknemnd, og vedtatt i 1983.

Frå 1. januar 2006 vart Tysfjord første lulesamiske kommune under samisk språkforvaltningsområde.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Grundström, Harald: Lulesamisches Wörterbuch
  • Heahttá, Sara Ellen Eira: Lulesamisk skriftspråk. http://samediggi.no
  • Kintel, Anders 1991: Syntaks og ordavledninger i lulesamisk. Kautokeino : Samisk utdanningsråd.
  • Kuoljok-Angéus, Susanna 1997: Nominalavledningar på ahka i lulesamiskan. Uppsala: Studia Uralica Upsaliensia ; 28
  • Spiik, Nils-Erik: Lulesamisk grammatik
  • Wiklund, K.B. 1890: Lule-lappisches Wörterbuch. Helsinki: Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk