Lumpy Gravy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lumpy Gravy
Studioalbum av Frank Zappa and the Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra
Utgjeve 7. august 1967
Innspelt februar 1967
Sjanger Klassisk musikk, lydbandmusikk, eksperimentell, musique concrète
Lengd 22:37 (1967)
31:45 (1968)
Selskap Capitol
Produsent Nick Venet
Frank Zappa-kronologi
Absolutely Free
(1967)
Lumpy Gravy We're Only in It for the Money
(1968)

Lumpy Gravy er det første soloalbumet til Frank Zappa, innspelt med ei gruppe studiomusikarar han kalla Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra. Det er det tredje albumet hans totalt. Det kom ut 7. august 1967 på Capitol Records, men vart kort tid etter redigert og gjeve ut på ny av Verve Records, og seinare igjen sjølvstendig av Zappa.

Den opphavlege versjonen var eit album med orkestermusikk skriven av Zappa og framført av eit orkester som var sett saman for albumet. Zappa dirigerte orkesteret og spelte ikkje eit einaste instrument på albumet. Men MGM Records hevda at produksjonen og utgjevinga av albumet braut med kontrakten Zappa hadde med Verve Records. Lumpy Gravy vart derfor redigert av Zappa som eit prosjekt kalla No Commercial Potential, som produserte tre andre album: We're Only in It for the Money, Cruising with Ruben & the Jets og Uncle Meat.

Den redigerte Lumpy Gravy vart gjeven ut av Verve den 13. mai 1968, og bestod av to musique concrète-stykke som kombinerte element frå den originale orkesterframføringa med element av surfemusikk og talt dialog. Han vart produsert samstundes med We're Only in It for the Money, og den redigerte Lumpy Gravy tente som den andre delen av eit konsept som seinare omfatta det siste albumet til Zappa, Civilization Phaze III. Den redigerte Lumpy Gravy vart kritikarrost for den unike musikken og dei nyskapande redigeringsteknikkane.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I 1966 fekk Frank Zappa ei bestilling frå Capitol Records om å lage Lumpy Gravy.

Etter utgjevinga av Freak Out!, debutalbumet til rockebandet The Mothers of Invention, bestilte Capitol Records sin A&R-representant Nick Venet eit album med orkestermusikk komponert av leiaren for Mothers of Invention, Frank Zappa, som var ein sjølvlært komponist. Venet investerte $40 000 i albumet.[1][2] Fordi Zappa hadde kontrakt med Verve og MGM Records som ikkj gjorde at han kunne spele på albumet spelt inn for andre selskap, spelte han ikkje eit einaste instrument på albumet, og fungerte i staden som dirigent for studiomusikarar som spelte inn musikken. Zappa hevda at «kontrakten min [med MGM] hindra meg ikkje frå å gjere det. Eg hadde ikkje kontrakt som dirigent».[1]

Lumpy Gravy vart komponert som eit kort oratorium, skriven på elleve dagar.[2] John Cage var ei stor inspirasjonskjelde på albumet.[3] Zappa kalla gruppa som spelte på innspelingane «Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra».[2]

Perkusjonisten Emil Richards hugsa at han ikkje visste kven Zappa var og ikkje to han seriøst då innspelingane starta, og trudde at han berre var gitaristen i eit rockeband. Etter å ha møtt Zappa gav Zappa musikarane notane for stykket, som var tettskrivne, kompliserte og med skiftande tempo og takt.[1] Den nære venen til Richards, gitaristen Tommy Tedesco, deltok òg på innspelinga. Tedesco latterleggjorde Zappa og trudde at han ikkje visste kva han heldt på med.[1] Fagottisten og bassklarinettisten som var leigd inn for innspelinga, nekta å spele sine delar då dei meinte det var umogeleg å spele. Zappa svarte «Om eg spelar delen din, vil du i det minste prøve?» Zappa spelte så notane for musikarane, som gjekk med på å spele delane sine.[1] Mot slutten av innspelinga var Richards og Tedesco overtydd over talentet til Zappa og vart vener med komponisten. Richards spelte seinare på innspelingar som finst på Zappa-albuemt Orchestral Favorites.[1]

Utgjeving, søksmål og redigering[endre | endre wikiteksten]

Capitol gav ut Lumpy Gravy den 7. august 1967. Capitol hadde meint å gje ut ein singel som bestod av stykka «Gypsy Airs» og «Sink Trap» for å marknadsføre utgjevinga.[2] Då albumet kom ut truga MGM med søksmål, og hevda at utgjevinga braut med kontrakten til Zappa.[2]

Under rettstvisten, redigerte Zappa albumet medan han spelte inn eit prosjekt i New York City kalla No Commercial Potential, som enda opp i fire album: We're Only in It for the Money, den redigerte andreutgåva av Lumpy Gravy, Cruising with Ruben & the Jets og Uncle Meat, som tente som filmmusikk for filmen med same namn, og som ikkje var heilt ferdig før i 1987.[3]

Zappa sa, «Det er alt eitt album. Alle songane på albumet er organisk knytt til kvarandre og om eg hadde hatt alle masterlydbanda, tatt eit barberblad, kutta dei opp og sett dei saman att i ei annan rekkefølgje, så ville det framleis ha vore eit musikkstykke du kunne ha lytta til. Så ville eg tatt barberbladet og kutta det opp igjen og sett det saman på ein annan måte, og det ville framleis ha gjeve meining. Eg kunne gjort dette på tjue måtar. Materialet heng definitivt saman».[3]

Den redigerte utgåva av Lumpy Gravy inneheld dialog spelt inn i Apostolic Studios då Zappa oppdaga at strengane i flygelet som stod i pianoet kom i resonans om ein person snakka nær strengane. «Pianofolk»-eksperimentet bestod i at Zappa fekk forskjellige folk til å improvisere ein dialog ved hjelp av tema som Zappa gav dei. Dialogen som vart spelt inn vart òg nytta på dei andre albuma i No Commercial Potential-prosjektet og seinare album. Desse talarane var mellom andre Eric Clapton, Rod Stewart og Tim Buckley.[4]

Det meste av dialogen på den redigerte Lumpy Gravy, vart innspelt samstundes med We're Only in It for the Money,[5] og var dialogar av ei lita gruppe som bestod av Motorhead Sherwood, Roy Estrada, Spider Barbour, All-Night John (studiomanageren) og Louis Cuneo, som var kjend for latteren sin, som høyrtes ut som ein «psykotisk kalkun».[2] Konseptet med det redigerte albumet kom frå «stor note»-teorien til Zappa, der han hevda at universet består av eit enkelt element og at atoma er vibrasjonar i dette elementet, ein «stor note».[6]

Det redigerte albumet viste seg å bli særs vanskeleg å lage, sidan masterlydbandet inneheld mange uheldige skøyter.[6] Den redigerte versjonen inneheldt òg musikk som ikkje var med på det originale albumet, mellom anna tidlegare innspelt surfemusikk;[6] inkludert ei demoinnspeling Zappa produserte i 1963 til ein melodi som seinare vart spelt inn i 1967 med tittelen «Take Your Clothes Off When You Dance» på We're Only in It for the Money. Noko av redigeringa vart gjort i stova til Zappa.[7] På 1967- og 1968-utgåva av albumet vart Zappa omtalt som «Francis Vincent Zappa», sidan Zappa såg på dette som det verkelege namnet sitt. Han fekk seinare vite at fødenamnet hans var Frank Vincent Zappa, og dette vart retta opp på seinare nyutgjevingar av albumet.[7]

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Rolling Stone (negativ) [9]


Den redigerte Lumpy Gravy fekk god kritikk og Zappa kalla det eit av favorittalbuma sine.[3][10] Allmusic skreiv «Utgangspunktet for den 'seriøse musikken' til Zappa, Lumpy Gravy lid av mangel på samanheng, men er historisk viktig og inneheld mange konseptuelle kontinuitetar for tilhengjarane hans».[8]

I 1984 vart den andre utgåva av Lumpy Gravy miksa på ny av Zappa, med nye overdubar av bassisten Arthur Barrow og trommeslagaren Chad Wackerman.[1] Denne tredje versjonen av albumet vart ikkje gjeven ut i heilskapen sin på den tida, men eit utdrag kom på sampler-plata The Old Masters som vart sendt til radiostasjonar.[11] Dialog frå «piano people»-innspelingane finst på det seinare Zappa-albumet Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention,[12] og det siste albuemt tiL Zappa, Civilization Phaze III i 1993.[13] I 2009 kom plateboksen Lumpy Money som inneheld 1967- og 1984-utgåva av Lumpy Gravy, og ein lyddokumentar om innspelinga av den originale versjonen frå 1967, dialogen som finst på 1968-utgåva og albumet We're Only in It for the Money.[14]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa. 

1967-versjonen
# Tittel Lengd
1. «Sink Trap»   2:45
2. «Gum Joy»   3:44
3. «Up and Down»   1:52
4. «Local Butcher»   2:36
5. «Gypsy Airs»   1:41
6. «Hunchy Punchy»   2:06
7. «Foamy Soaky»   2:34
8. «Let's Eat Out»   1:49
9. «Teenage Grand Finale»   3:30
22:37
1968-versjone, del ein
# Tittel Lengd
1. «The Way I See It, Barry»   0:06
2. «Duodenum»   1:32
3. «Oh No»   2:03
4. «Bit of Nostalgia»   1:35
5. «It's from Kansas»   0:30
6. «Bored Out 90 Over»   0:31
7. «Almost Chinese»   0:25
8. «Switching Girls»   0:29
9. «Oh No Again»   1:13
10. «At the Gas Station»   2:41
11. «Another Pickup»   0:54
12. «I Don't Know If I Can Go Through This Again»   3:49
15:50
1968-versjonen, del to
# Tittel Lengd
1. «Very Distraughtening»   1:33
2. «White Ugliness»   2:22
3. «Amen»   1:33
4. «Just One More Time»   0:58
5. «A Vicious Circle»   1:12
6. «King Kong»   0:43
7. «Drums Are Too Noisy»   0:58
8. «Kangaroos»   0:57
9. «Envelops the Bath Tub»   3:42
10. «Take Your Clothes Off»   1:53
15:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar - Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra
  • Arnold Belnick – strykarar
  • Harold Bemko – strykarar
  • Chuck Berghofer – bass
  • Jimmy Carl Blackperkusjon, trommer
  • Jimmy Bond – bass
  • Monica Boscia – dialog
  • Dennis Budimir – gitar
  • Frank Capp – trommer
  • Donald Christlieb – treblåseinstrument
  • Gene Cipriano – treblåseinstrument
  • Vincent DeRosavalthorn
  • Joseph DiFiore – strykarar
  • Jesse Ehrlich – strykarar
  • Alan Estes – perkusjon, trommer
  • Gene Estes – perkusjon
  • Louis «Louie The Turkey» Cuneo – dialog
  • Roy Estrada – bass, dialog
  • Larry Fanoga – vokal, dialog
  • Victor Feldman – perkusjon, trommer
  • Bunk Gardner – treblåseinstrument
  • James Getzoff – strykarar
  • Philip Goldberg – strykarar
  • John Guerin – trommer
  • Bruce Hampton – dialog
  • Jimmy «Senyah» Haynes – gitar
  • Harry Hyams – strykarar
  • Jules Jacob – treblåseinstrument
  • Pete Jollypiano, celeste, cembalo
  • Harold Kelling - vokal
  • Ray Kelly – strykarar
  • Jerome Kessler – strykarar
  • Alexander Koltun – strykarar
  • Bernard Kundell – strykarar
  • William Kurasch – strykarar
  • Michael Lang – piano, celeste, cembalo
  • Arthur Maebe – valthorn
  • Leonard Malarsky – strykarar
  • Shelly Manne – trommer
  • Lincoln Mayorga – piano, celeste, cembalo
  • Ted Nash – treblåseinstrument
  • Richard Parissi – valthorn
  • Glenn Phillips - vokal
  • Jerome Reisler – strykarar
  • Emil Richards – perkusjon
  • Tony Rizzi – gitar
  • John Rotella – perkusjon, treblåseinstrument
  • Joseph Saxon – strykarar
  • Ralph Schaeffer – strykarar
  • Leonard Selic – strykarar
  • Kenny Shroyer – trombone
  • Paul Smith – piano, celeste, cembalo
  • Tommy Tedesco – gitar
  • Al Viola – gitar
  • Bob West – bass
  • Tibor Zelig – strykarar
  • Jimmy Zito – trompet
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1968 Pop Albums 159

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Fricke, David (2008). Plateomslagstekst for Lumpy Money. Zappa Records.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Slaven, Neil. Electric Don Quixote: The Definitive Story Of Frank Zappa. Music Sales Group. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Miles, Barry (16 Sep 2005). Zappa: A Biography. Grove/Atlantic, Incorporated. ss. 480. 
  4. James, Billy (1 Oct 2002). Necessity Is...: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention. SAF Publishing Ltd. s. 60. 
  5. Schinder, Scott (2008). Icons of Rock. Greenwood Publishing Group. s. 363. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Walley, David (22 Aug 1996). No Commercial Potential: The Saga Of Frank Zappa. Da Capo Press. ss. 240. 
  7. 7,0 7,1 Zappa, Frank with Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. ss. 244–245. ISBN 0-671-63870-X. 
  8. 8,0 8,1 Lumpy GravyAllmusic
  9. Miller, Jim (juni 22, 1968). «Lumpy Gravy - Album Reviews - Rolling Stone». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/lumpy-gravy-19680622. Henta 27. mai 2014. 
  10. Kart, Larry (11 Oct 2004). Jazz in Search of Itself. Yale University Press. s. 166. 
  11. Zappa, Gail (2008). Plateomslagstekst for Lumpy Money. Zappa Records.
  12. Rense, Rip (Jan 1986). «Flash - Mothers of Prevention». Spin (SPIN Media LLC) 1 (9): 82. 
  13. Morin, Alexander J. (2002). Classical Music: The Listener's Companion. Backbeat Books. s. 1067. 
  14. Dolan, Casey (desember 8, 2008), «The Resurrection of Frank Zappa's Soul», LA Weekly (Village Voice Media), http://www.laweekly.com/2008-12-11/music/the-resurrection-of-frank-zappa-8217-s-soul/1