Lunde i Ångermanland

Koordinatar: 62°52′52.936″N 17°52′11.816″E / 62.88137111°N 17.86994889°E / 62.88137111; 17.86994889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°52′52.936″N 17°52′11.816″E / 62.88137111°N 17.86994889°E / 62.88137111; 17.86994889 Lunde er ein svensk tettstad i Kramfors kommun i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland. I 2005 hadde tettstaden 431 innbyggjarar.

Ådalshändelserna[endre | endre wikiteksten]

Dei såkalla Ådalshändelserna skjedde i Lunde 14. mai 1931. Soldatar skaut og drap fire mann og ein kvinneleg tilskodar til eit demonstrasjonstog i samband med ein arbeidskonflikt.

Sandöbron[endre | endre wikiteksten]

Sandöbron

Den enno ikkje ferdigbygde Sandöbron raste saman klokken 16.40 den 31. august 1939. 18 personar som var på bruspennet omkom i samband med denne katastrofen, som fekk liten dekning i media på den tida sidan andre verdskrigen starta dagen etter. Ei ny Sandöbro blei seinare bygd, og blei innvigd i 1943 av kong Gustaf V. Sandöbron var med eit spenn på 264 meter, den største betongbrua i verda i eit spenn fram til 1964. Høgda til brua er 42 meter. Brua har vore i dårleg forfatning dei seinare åra, men blei gjenopna i 2003 etter ei omfattande renovering.

Tettstaden[endre | endre wikiteksten]

I Lunde ligg mellom anna Wästerlunds konditori og eit bilmuseum.

Når Högakustenbron blei innvigd i 1997 mista landevegen gjennom Lunde sin status som Europaveg 4, noko som inneber at staden ikkje har så mange vitjande som tidlegare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]