Lunde i Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lunde
Geografi
Kommune Nome
Fylke Telemark
Folkemengd[1] 1 506 (2012)
Folketettleik 875,6 /km²
Areal[1] 1,72 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 359
Sørlandsbanen
Postnummer 3825 LUNDE
Innbyggjarnamn lundehering
Preposisjon i Lunde
Kart
Lunde (Telemark)
Lunde
Lunde
59°17′28″N 9°6′30″EKoordinatar: 59°17′28″N 9°6′30″E

Lunde er ei bygd og ein tettstad i Nome kommune i Telemark fylke. SSB og dei fleste innfødde kallar tettstaden Bjervamoen. Tettstaden har 1 506 innbyggjarar (2012) og ligg elleve km vest for Ulefoss sentrum.

Lunde var eigen kommune fram til kommunesamanslåinga med Holla frå 1.1.1964. Lundeheringane lever ikkje så mykje av landbruk lenger, men meir av småindustri, offentleg tenesteyting og pendling. Sørlandsbanen kryssar Telemarkskanalen i denne Midt-Telemarksbygda.

Lunde kyrkje frå 1872.

Her ligg Lunde kyrkje. I Lunde blei Trollbilen produsert ei kort tid på 1950-talet.

Innhaldsliste

Språk [endre]

Målet i Lunde har høyrt til austtelemåla, med tjukk L av både historisk L (kLam i handa) og gamalnorsk (nypløgd joLe). Det er det sørlegaste av desse måla, med typiske pronomenformer som me, konn og dekkan, men samstundes med innslag av vikværske trekk som t.d. ulydt langform av sterkt presens (kommer, graver) og ein del monoftongering (hørt, kjørt). Språket til dei seinare par generasjonane har utvikla seg i retning av grenlandsmål, jf. Kristian Hanto: Språkbruk og språkhaldningar i eit språkdelt skulemiljø : Ungdomsspråk i Lunde i Telemark. Bø: Høgskolen i Telemark 1995.

Sjå òg [endre]

Andre nettstader [endre]

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.