Lundevatnet
| Lundevatnet | |
|---|---|
| Stad | Flekkefjord (Vest-Agder); Lund (Rogaland) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 25,93 km² |
| Største djupne | 314 m |
| Vassvolum | 4,49 km³ |
| Kystlengd1 | 59,80 km |
| Høgd over havet | 49 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Lundevatnet er ein innsjø på grensa mellom kommunane Lund i Rogaland og Flekkefjord i Vest-Agder. Innsjøen har eit areal på 25,9 km² og ligg 49 moh. Han er av dei 10 djupaste innsjøane i landet med ei største djupne på 314 meter. E39 går langs austsida av vatnet, eit stykke med ganske mange tunnelar.
Elva Sira renn inn i vatnet ved Sirnes med vatn frå Sirdalen, og vatn frå Hovsvatnet renn inn ved Moi. Vatnet renn ut igjen ved Åna-Sira, der det er ei demning og Åna-Sira kraftverk ligg. Frå der og ut i havet er det berre eit par kilometer.
Elveløpet mellom Sirdalsvannet og Lundevatnet er i dag utgravd slik at vasstanden dei to vatna imellom skal vere tilnærma lik, og Lundevatnet er sikra reservepåfyll på ein enkel måte. Lundevatnet kan regulerast slik at vasstanden kan variere.