Luohe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bybilete i Luohe
Plasseringa av Luohe-prefekturet i Henan

Luohe (kinesisk: 漯河; pinyin: Luòhé) er eit byprefektur midt i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 2 617 km² og hadde vel 2,5 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Luohe omfattar tre bydistrikt (区 ) og to fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Dyrking og vidareforedling av kveite og mais er viktige for den lokale økonomien i Luohe. Byprefekturet er kjent for sin produksjon av skinke, firmaet Shuanghui (双汇) er største skinkeprodusenten i Kina. I byområdet er det mykje lettindustri som til dømes næringsmiddel-, papir-, lær-, sko-, tekstil- og sigarettindustri. samt elektronikkindustri.

Luohe har vore eit handelssenter sidan antikken.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jingguangbana, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Baoding, Shijiazhuang, Handan, Anyang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]