Lust for Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå albumet Lust for Life.
Lust for Life
Song av
frå albumet Lust for Life
Utgjeve 1977
Innspelt April-mai 1977
Sjanger Rock, punk
Lengd 5:11
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Iggy Pop
David Bowie
Produsent Bewlay Bros.

«Lust for Life» er ein song frå 1977 av Iggy Pop, skriven i lag med David Bowie frå albumet Lust for Life. I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 147. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Iggy Pop i lag med David Bowie. Bowie skreiv musikken (skriven på ein ukulele), og Pop teksten. Songen er kjend for trommerytmen i starten (spelt av Hunt Sales). Trommerytmen er sidan imitert i mange andre songar, som «Are You Gonna Be My Girl» av Jet, «Selfish Jean» av Travis, men rytmen til Sales var heller ikkje original, sidan han sjølv lånte den frå «You Can't Hurry Love», gjeven ut i juli 1966 av The Supremes,[1] og «I'm Ready For Love» frå oktober 1966 av Martha and the Vandellas.

I 1977 nådde songen 3. plass i Nederland. Dette førte til at Iggy Pop fekk spele på eit nederlandsk musikkshow, Toppop, der han i bar overkropp øydela delar av kulissane (mellom anna nokre potteplanter og noko pappbakgrunnar).[2][3] Sjølv om mange sjåarar og aviser klaga over dei tilsynelatande skadane, innrømde Toppop seinare at dei kjende til kva Iggy skulle gjere på førehand.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Teksten inneheld fleire referansar til den eksperimentelle romanen til William S. Burroughs, The Ticket That Exploded, mellom anna «Johnny Yen» og «hypnotizing chickens».

I eit intervju i 1995 sa Doors-keyboardist Ray Manzarek og manageren deira Danny Sugerman at opningsteksten var om den avdøde heroinforhandlaren deira, kalla «Gypsy Johnny», som kom til Wonderland Avenue, med heroinen sine og sine «motoriserte dildoar». Sugerman hevda òg at riffet var teken rett frå «Touch Me» av the Doors.

I 1996 fekk songen eit nytt publikum då han vart nytta i starten av filmen Trainspotting. Denne scenen gjorde at UGO inkluderte songen på lista si over dei 11 beste måtane å bruke klassiske rockesongar i film.

Sidan den gong har songen vorte nytta i mange andre filmar og reklamar, stundom med endringar i teksten. At songen vart nytta i kommersielle samanhengar vart omtalt satirisk i avisa The Onion i artikkelen «Song om heroin nytta i bankreklame».[4]

Den instrumentale opninga vert nytta som kjenningsmelodi til radioprogrammet The Jim Rome Show.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.npr.org/blogs/allsongs/2008/01/old_music_tuesdays_the_lust_fo.html
  2. Bessemer, Ronald (2009-08-04). «Rev. of Iggy Pop, Lust for Life». Platomania. http://www.platomania.eu/album/index/id/42899. Henta 16. okt. 2011. 
  3. «Toppop». School voor Journalistiek. 2007-04-22. http://geschiedenis.wordpress.com/2007/04/22/toppop/. Henta 16. okt. 2011. 
  4. «Song About Heroin Used to Advertise Bank». The Onion. 2001-04-18. 


148:
 «Rock Lobster» 
The B-52's
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
147

Iggy Pop – «Lust for Life»

146:
 «Me And Bobby Mcgee» 
Janis Joplin