Lutro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lutro
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5781 LOFTHUS
Preposisjon Lutro
Kart
Lutro
60°21′45″N 6°40′11″E / 60.3625°N 6.6697222222222°E / 60.3625; 6.6697222222222

Lutro er ei lita bygd som ligg i Ullensvang kommune. Bygda ligg ved austsida av Sørfjorden om lag 2,3 kilometer frå Lofthus og om lag 7.8 kilometer frå Kinsarvik. Sjølv om Lutro har postadresse Lofthus, går borna frå Lutro på Kinsarvik skule.

På Lutro finn ein både produksjon og vidareforedling for frukt, gardsbutikk og fotogalleri. Bygda har til saman åtte gardstun.