Lutzigran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lutzigran
Lutzigran
Lutzigran
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Underfamilie: Piceoideae
Slekt: Granslekta Picea
Art: Lutzigran P. ×lutzii
Vitskapleg namn
Picea ×lutzii

Lutzigran (eller lutzgran , Picea x lutzii eller òg berre P. lutzii) er ein plante i furufamilien. Ho opptrer naturleg i vesterdelen av Canada og i Alaska, som ein krysning mellom sitkagran og kvitgran, der desse tresklaga naturleg møtest. Ho er òg omtalt som ein nær slektning av desse treslaga.

Kryssinga har med seg mange av dei gode eigenskapane til sitkagrana og kvitgrana.

Lutzigran i norsk skogbruk[endre | endre wikiteksten]

Lutzigran liknar sitkagran og kvitgran. Ho veks nesten like godt som sitkagran, men i nordlege kyststrok vert ho ikkje like grovkvista. Ho vert difor mykje bruka i skogreisinga på kysten av Nord-Noreg. Ho veks godt, og ho spreier seg naturleg, og kan difor trengje vekk andre artar[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]