Luxembourgsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luxembourg

Luxembourgsk geografi viser til geografien i Luxembourg, eit land i Nederlanda i Nordvest-Europa. Det grensar til Belgia (148 km) i vest og nord, til Frankrike (73 km) i sør og til Tyskland (138 km) i aust. Luxembourg er omgjeve av land i alle kantar og grenser ikkje til sjø.

Landet har geografiske koordinatar 49°45′N 6°10′EKoordinatar: 49°45′N 6°10′E

Buerg Branebuerg i luxembourgsk skog.

Fysisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart som viser det åslendte landskapet Oesling i nord og Gutland i sør.

Trass i at landet er lite har det variert topografi med to hovudtrekk i landskapet. I nord ligg ein del av platået Ardennane, der åsane kan verte opp mot 600 meter høge. Resten av landet består av lågare åsar med vide dalar. Hovudstaden, Luxembourg by, ligg i den sørlege delen av landet.

Det grøne hjartet i Europa[endre | endre wikiteksten]

Det mest framherskande landskapet, Ardennane i nord, tok millionar av år å skjere ut. Det høgaste punktet i landet er Kneiff på 560 meter over havet. Delen av Ardennane i Luxembourg vert ofte kalla Oesling og dekkjer (842 km²), eller om lag 32 % av heile landet. Landet er forholdsvis kupert på grunn av dei mange elvane som har grave seg ned i det låge ås- og fjellandskapet. Typisk for dette området er dårleg jordsmonn og dårleg drenasje på grunn av mange torvmyrer, som ein gong vart utnytta som brensel. Desse faktorane, kombinert med ein god del nedbør og frost, gjorde at dei første menneska i regionen ikkje slo seg ned her.

Sjølv i dag er det få menneske som bur i området, om lag 7 800 livnærer seg anten gjennom skogbruk eller småskala jordbruk og miljøarbeid. Sidan jorda er vanskeleg å dyrke vert det meste av landet nytta som enger for kyr. I Ardennane ligg òg Øvre Sûre nasjonalpark, eit viktig bevaringsområde.

Sør for elva Sûre ligg området Gutland. Denne regionen dekkjer dei siste to tredjedelane av landet. Gutland har ei gjennomsnittleg høgd på om kring 213 meter over havet og jordbruk er meir aktivt her sidan jordsmonnet er rikare og klimaet varmare og tørrare samanlikna med Oesling. Her vert det derfor dyrka grønsaker og frukt, som jordbær, epler, plommer og kirsebær i store mengder. Erosjonen frå elvane har grave ut djupe kløfter og grotter som har skapt eit flott naturbilete.

Lengst sør i landet var det tidlegare store førekomstar av jernmalm og det låg eit større gruve- og tungindustriområde som dekte ei strekkje på 20 km. Dei høge skorsteinane til jern- og stålverka er typiske landemerke her. I aust ligg vinområda i Moseldalen. Fleire landsbyar ligg i den djupe dalen og bak vingardane langs elvebreidda. Kvar landsby har minst ein vingard. I aust ligg området «Litlesveits» med tronge skogkledde dalar, raviner og uvanlege steinformasjonar.

Elvar og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Luxembourg har fleire mindre elvar, som Eisch, Alzette og Pétrusse, men den største elva er Mosel med sideelvane Sûre og Our. I lag dannar desse elvane ei naturleg grense mellom Luxembourg og Tyskland. Langs breidda av elvane ligg mange av mellomalderborgene i landet.

Mosel har utspringet sitt nordaust i Frankrike og renn nordover gjennom Luxembourg i 31 km og vidare til Koblenz i Tyskland, der ho munnar ut i Rhinen. Heile Mosel er 515 km lang og langs breidda av ho finst det mange vinområde.

Sûre spring ut frå Belgia og renn 172 km austover gjennom Luxembourg og ut i Mosel. Elva deler meir eller mindre Luxembourg i to. Elva Our renn langs den nordaustlege grensa og er sideelv til Sûre. Dalen til Our er omgjeve av delvis urørt natur.

Den øvre Sûresjøen er den største innsjøen i Luxembourg. Innsjøen vert nytta til vassport som segling, kanoroing og kajakkpadling. Byen Esch-sur-Sûre ligg i eine enden av innsjøen. Like oppom byen er elva demma opp slik at eit vassreservoar er danna oppe i dalen. Den øvre Sûresjøen vart bygd i 1960-åra for å gje drikkevatn til landet.

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Høgder:
lågaste punkt: Mosel i Wasserbillig 133 m
høgaste punkt: Kneiff i Troisvierges 560 m

Klimaet i Luxembourg by

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nordlege delar av Luxembourg består av dei skogkledde åsane i Ardennane og har mykje det same klimaet som Belgia med forholdsvis kjølige vintrar og milde somrar. Det regnar om lag halvparten av dagane i snitt, og om vinteren kan ein innimellom få snø når det er kaldt nok. Snødekket kan då gjerne ligge nokre veker. Ardennane skjermar derimot det meste av Luxembourg frå den milde havlufta frå Nordsjøen. Sørlege delar av landet er tørrare og har meir sol enn lenger nord. Lengst søraust ligg den skjerma Moseldalen, der sommaren og hausten er varm nok til at ein kan dyrke vindruer.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Naturreservatet Saueruecht.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Luxembourg sitt planteliv ber preg av at landet ligg mellom klimasonene ved Atlanterhavskysten i vest og Sentral-Europa. I nord veks det mykje bøk og eik. Eika kan verte 30-45 meter høg med ein diameter på 1,2 til 2,4 meter. Langs elvebreiddene veks det ein del svartor og piletre.

I dei djupe, smale dalane i nord kan ein finne relativt sjeldne planter og dyr, som oter, ein verna dyreart.

Internasjonale miljøvernsavtalar[endre | endre wikiteksten]

Delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, marin dumping, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer og våtmarksområde.

Signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff, Kyotoavtalen, miljømodifisering, havrett.

Arealbruk og naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Det tidlegare gruveområdet Giele Botter.

Areal:
totalt: 2 586 km²
land: 2 586 km²
vatn: 0 km²

Naturressursar: Jernmalm (ikkje lenger utnytta), dyrkbar mark

Arealbruk:
Dyrkbar mark: 24%
Permanente avlingar: 1%
Permanente beite: 20%
Skogområde: 21%
Anna: 34%

Irrigert land: 10 km² (inkludert Belgia) (est. 1993)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luxembourgsk geografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]