Luzern
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luzern, (fransk: Lucerne), er ein by og ein kommune og eit distrikt i det nordlege, sentrale Sveits. Byen er hovudstad både i kantonen Luzern og i distriktet med same namn. Kommunen hadde 59 309 innbyggarar i 2009.
Luzern ligg ved Vierwaldstättersjøen og har i lange tider vore eit særleg ynda turitsmål, med eit praktfullt utsyn mot fjellheimen aust og sør for byen. Byen er elles særleg kjend for ei 204 meter lang, overbygd trebru, 'Kapellbrücke', som kryssar elva Reuss. Brua vart bygt i 1333, men mykje øydelagd under ein brann i 1993. Ho vart bygt opp att i den form ho hadde før brannen.