Lviv oblast
| Lviv oblast | |||
| Львівська область, Lvivska oblast | |||
| oblast | |||
|
|||
| Kallenamn: ukrainsk Львівщина (Lvivsjtsjyna) | |||
| Rajon | 20 | ||
|---|---|---|---|
| Byrajon | 9 | ||
| Byar | 78 | ||
| Landsbyar | 1849 | ||
| Hovudstad | Lviv | ||
| Areal | 21 833 km² | ||
| Folketal | 2 552 900 (2009[1]) | ||
| Tettleik | 117 / km² | ||
| Guvernør | Mykhailo Kostiuk | ||
| ISO 3166-2 kode | UA-46- | ||
| Retningsnummer | +380-32 | ||
| Nettstad: www.loda.gov.ua | |||
Lviv oblast (ukrainsk Львівська область) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Administrasjonssenteret og største by er Lviv. Provinsen har 2 555 834 innbyggjarar (2006), og eit areal på 21 833 km².
Området ligg i den historiske regionen Galizia, og har mellom anna høyrt til Polen-Litauen fram til 1775 og Austerrike-Ungarn frå 1775 til 1918. Etter første verdskrigen vart området igjen polsk, før det vart ein del av Ukraina og Sovjetunionen i 1939 som følgje av den sovjetiske erobringa av Aust-Polen.
Dei viktigste næringsvegane i Lviv oblast er landbruk og skogbruk. Området har òg noko industri.
90% av innbyggjarar er etniske ukrainarar. Av minoritetsgrupper er russarar den viktigaste, men det er òg enkelte jødiske, polske og tyske samfunn i regionen. Det finst òg romfolk i Lviv oblast.
Viktige byar i Lviv oblast [endre]
- Drohobytsj
- Lviv (hovedstad)
- Stryj
- Tsjervonohrad
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lviv Oblast» frå Wikipedia på engelsk, og «Lviv oblast» frå Wikipedia på bokmål den 8. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Ukraina Census, Population as of 1st January 2009». State Statistics Committee of Ukraina. http://www.ukrcensus.gov.ua/eng/news/article;891/. Henta 8. september 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Lviv | ||
| Belz · Bibrka · Boryslav · Brody · Busk · Dobromyl · Drohobytsj · Dubljany · Hlynjany · Horodok · Javoriv · Kamjanka-Buzka · Khodoriv · Khyriv · Komarno · Morsjyn · Mostyska · Mykolajiv · Novojavorivsk · Novyj Kalyniv · Novyj Rozdil · Peremysjljany · Pustomyty · Radekhiv · Rava-Ruska · Rudki · Sambir · Skole · Sokal · Sosnivka · Staryj Sambir · Stebnyk · Stryj · Sudova Vysjnja · Truskavets · Tsjervonohrad · Turka · Uhniv · Velyki Mosty · Vynnyky · Zjovkva · Zjydatsjiv · Zolotsjiv | ||