Lyaskovets Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyaskovets Peak
fjell
Lyaskovets Peak med Sfinksen i framgrunnen.
Land  Antarktis
Fjellkjede Tangra Mountains
Topp Livingston Island
 - høgd 1 473 moh.
 - koordinatar 62°39′48.5″S 60°08′34.7″W / 62.663472°S 60.142972°W / -62.663472; -60.142972
Lettast tilkomst snø og is
Førstestiging Tangra 2004/05
 - dato 14. desember 2004
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Lyaskovets Peak
62°39′48″S 60°08′35″W / 62.663472222222°S 60.142972222222°W / -62.663472222222; -60.142972222222
Lyaskovets Peak is located in Antarktis
Lyaskovets Peak (Antarktis)

Lyaskovets Peak (Vrah Ljaskovets) er det austlegaste fjellet på Friesland Ridge i Tangra Mountains, aust på Livingston Island og har ei høgd på 1473 moh. Fjellet vart klarta første gong den 14. desember 2004 av Tangra 2004/05 frå Camp Academia og Catalunyan Saddle.

Fjellet grensar til Catalunyan Saddle i vest og Shipka Saddle i aust. Vest-, sør- og austsida er stupbratte og fjellet er dekt av isbrear og bresprekkar. Fjellet ligg oppom Huronbreen i nordvest og nordaust, og Macybreen og Brunow Bay i sør. Det går ein utstikkar nordover og dannar Zograf Peak, og er knytt til Lozen Nunatak, Erma Knoll og Aheloy Nunatak i Huronbreen.

Ljaskovets er ein sentral by nord i Bulgaria.

Fjellet ligg 2,3 km aust-nordaust for Mount Friesland (toppen av Friesland Ridge, 1700 moh), 3,2 km sør-søraust for Kuzman Knoll, 133 km aust for Zograf Peak, 13 km vest for Levski Peak og 4,6 km vest-nordvest for Great Needle Peak (toppen av Levski Ridge, 1690 moh)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • L.L. Ivanov, Livingston Island[daud lenkje]: Tangra Mountains, Komini Peak, west slope new rock route; Lyaskovets Peak, first ascent; Zograf Peak, first ascent; Vidin Heights, Melnik Peak, Melnik Ridge, first ascent, The American Alpine Journal , 2005, 312-315.
  • Livingston Island, Climb Magazine, Issue 14, Kettering, UK, April 2006, 89-91

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]