Lybiidae
| Lybiidae | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Piciformes | |
| Familie: | Lybiidae | |
| Slekter | ||
|
||
Lybiidae er ein fuglefamilie som samlar afrikanske skjeggfuglar. Dei var tidlegare sameint med sine amerikanske og asiatiske slektningar i Capitonidae i ganske lang tid [1]. Det er i alt 42 artar av afrikanske skjeggfuglar, inkludert 6 koparslagarar, slekta Pogoniulus. Dei finst i heile Afrika sør for Sahara, med unntak av lengst sørvest i Sør-Afrika.
Innhaldsliste |
Skildring og økologi [endre]
Dei er vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og det tunge nebbet har taggete kant. Koparslagarar er mindre, ned til raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus på berre 7 gram og 9 cm i lengd.
Dette er hovudsakleg einslege fuglar, beitar på insekt og frukt.
Detaljar omkring hekkevanar til afrikanske skjeggfuglar er enno ikkje kjente. Reiret er i regelen bygd i hekkar i hòl i trestammar, men ulikt Piciformes flest, hekkar nokre sosiale artar ved elvebredder eller i termittuer. Vanlegvis legg dei mellom 2 og 4 egg , eit unntak er sahelperleskjeggfugl som legg opp til 6. Egga blir ruga i 13-15 dagar. Oppgåvene ved hekking blir delt mellom begge foreldra.
Det har vore generelt lite kontakt mellom Lybiidae-artar og menneske. Nokre av artane som krev primærskog har no nedgang i bestanden på grunn av avskoging, nokre gongar til fordel for nære slektningar. Tapet av høglandsskogane i Kenya, til dømes, førte med seg at grønkoparslagar nesten forsvann medan raudpannekoparslagar utvida utbreiinga si.
Taksonomi [endre]
Slektene i Lybiidae var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Lybiidae avgrensa til afrikanske skjeggfuglar.
Artslista [endre]
Afrikanske skjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]
|
Slekt Trachyphonus
Slekt Gymnobucco
Slekt Stactolaema
Slekt Pogoniulus
|
Slekt Buccanodon
Slekt Tricholaema
Slekt Lybius
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå «Lybiidae» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011
Referansar [endre]
- ↑ Short, L.L. & Horne, J.F.M. (2002). «Family Capitonidae (Barbets)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)