Lycksele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lycksele
Styresmakter
Land
Len
Kommune
Sverige
Västerbotten
Lycksele
Geografi
Flatevidd
 - By

8,58 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)

8513

Lycksele (sørsamisk Liksjoe, umesamisk Liksjuo) er ein by i Lappland i Sverige og administrasjonssenteret i Lycksele kommun i Västerbottens län. Lycksele ligg ved jarnvegen mellom Hällnäs og Storuman og samstundes ved Europaväg 12, og var den første staden i landskapet som fekk bystatus.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke over nybyggarane som kom til området

Fram til 1600-talet var det ingen store tettstader sør i Lappland. Området vart bruka som reinbeiteområde av skogssamar, men hadde ingen fastbuande. I takt med at den svenske statsmakta ville styrkje stillinga si, oppstod behovet for faste møteplassar. Her bygde dei kyrkjer og marknadsplassar, der samar, handelsmenn og nybyggjarar kunne møtast. Her vart òg skatten kravd inn. Detta skjedde på ein odde i Umeälva, oppstrøms frå dagens bykjerne, den såkalla «Gammplatsen». Lycksele vart år 1607 utsedd til offisiell kyrkje- og marknadsplass i Lappland av Karl IX.

Lycksele fekk bystatus 1946, som den første i Lappland. To år seinare fekk òg Kiruna bystatus; etter dette vart det ikkje fleire byar i området.

Etter at jarnvegen kom til staden, utvikla Lycksele seg til ein typisk småby med småindustri og viktige offentlege institusjonar som sjukehus, gymnas og tingrett.

Etter ein befolkningstopp på 1970-talet, har innbyggartalet sokke. År 2000 budde det 8 692 personar i Lycksele. Fem år seinare hadde talet sokke til 8 597 personar.

Næringsliv og offentleg verksemd[endre | endre wikiteksten]

Lycksele fekk sjukehus på 1960-talet. Det er lite, men utrusta for å ta imot pasientar innanfor ein stor radius i innlandsdistriktet av Västerbottens län. I kommunen arbeider rundt 30 % innan pleie og omsorg, dette er meir enn landgjennomsnittet.

Andre store næringar som gjev sysselsetjing er handel, kommunikasjon, vareproduksjon og utvinning. Den store låsprodusenten Assa har produksjon i Lycksele.

Lycksele kyrkje vart bygd 1799 etter teikningar av P.W. Palmroth

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lycksele har bydelane Lugnet, Palmsunda, Södermalm, Jonsta, Forsdala, Villaryd, Nydala, Norrmalm, Norräng og Furuvik. Staden har mange skolar, mellom dei ei avdeling av Umeå universitet.

I Lycksele ligg ein flyplass med avgangar sju dagar i veka. Flytida til Stockholm er omkring 85 minutt. Bussar går langs Blå vegen till blant anna Umeå og Mo i Rana i Noreg og til alle kringliggande kommunar. Før var jarnvegen den viktigaste transportåra. No har den ingen persontrafikk.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Trollringen (gokart)
  • Lycksele Motorstadion
  • Hotell Lappland
  • Skogsmuséet
  • Ansia Badpark
  • Bocksliden (skistadion)
  • Lycksele Djurpark

Kjende personar frå Lycksele[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende personar med tilknyting til Lycksele er:

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]