Lydia Koidula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lydia Koidula

Lydia Emilie Florentine Jannsen (24. desember 184311. august 1886) var ein estisk forfattar kjend under namnet Lydia Koidula, som tyder 'Lydia av demringa'. Ho er også kalla «Koidulaulik», 'demringssongar'. Koidula var del av den estiske nasjonale våkninga, og er rekna som opphavskvinna til estisk teater. Ho høyrde til nasjonalromantikken, og skreiv mellom anna fire skodespel, fleire prosatekstar, barnesongar og over 300 dikt. Lydia Koidula har ein viktig plass i estisk historie, og har som einaste kvinne fått portrettet sitt på ein estisk pengesetel, og på estiske frimerke.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Minnestein for Lydia Koidula ved fødestanden hennar nær Vändra.

Lydia Jannsen var fødd i Vana-Vändra i den dåverande russiske provinsen Livland som dotter av journalisten og diktaren Johann Voldemar Jannsen. I 1850 flytta familien inn til byen Pärnu der faren grunnla den første estiskspråklege lokalavisa, Postimees. Etter å ha gått ut frå Pärnu saksa kõrgema tütarlastekooli (Pärnu tyske høgare jenteskole), hjelpte ho far sin i avisarbeidet hans.

Familien Jannsen slo seg ned i universitetsbyen Tartu i 1864. Trass i at nasjonalisme var motarbeidd i Tsar-Russland fekk J.V. Jannsen løyve til å driva ei landsdekkande avis på estisk, også denne med namnet Postimees. Lydia skreiv også i denne avisa og gav ut eige arbeid som del av den nye estiske litterære rørsla. Ho fekk tilnamnet Koidula av Carl Robert Jakobson då han gav ut nokre av verka hennar i ei ABC-bok.

I 1873 gifta Lydia seg med militærlegen Eduard Michelson og flytta til Kronstadt, hovudkvarteret til den russiske hæren nær St. Petersburg. Trass i årlege sommarferiar til Estland lengta Lydia alltid etter heimlandet i dei tretten åra ho blei buande der. Familien Michelsen fekk tre barn.

Paret reiste rundt i Europa i 1876-78 og vitja Breslau, Strasbourg og Wien.

Lydia Koidula døydde i 1886 av brystkreft etter eit langt sjukeleie. Ho blei gravlagd i Kronstadt, men i 1946 blei leivningane hennar flytte til Tallinn.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Handskrifta til Koidula på den estiske 100-kroonsetelen.

Koidula er rekna som grunnleggjaren av estisk teater gjennom Vanemuine Selts, eit dramaselskap familien Jannsen grunnla i Tartu i 1865. Koidula omsette og tilpassa først Der Vetter aus Bremen av Theodor Körner, som ho sette opp og regisserte som Saaremaa Onupoeg ('Søskenbarnet frå Saaremaa') før ho skreiv det første heilt estiske teatersstykket Säärane mulk i 1872.

I 1866 og 1867 gav Koidula ut to diktsamlingar, Vaino-lilled og det som er rekna som hennar viktigaste, Emmajöe öpik ('Nattergalen frå Emajõgi'). Lydia Koidula var sterkt påverka av tysk litteratur, og omsette, som faren og andre samtidige estiske forfattarar, tysk prosa, dikt og dramatikk. Ho følgde stort sett den vesteuropeiske stilen med enderim til forskjell frå stilen til føregjengaren Kreutzwald, som prøvde å etterlikna gamle estiske folketradisjonar. Dette gjorde diktinga hennar lettare tilgjengeleg for den jamne lesaren, og gjorde henne til ein populær diktar. Koidula viste at estisk, trass i usemje om rettskriving og omdømet som eit uutdanna bondespråk, kunne brukast til verkeleg litteratur.

Mange av dei patriotiske dikta hennar blei tonesette. Eitt av desse var «Mu isamaa on minu arm», som blei brukt til å avslutta den første estiske songfestivalen i 1869, ein tradisjon som har halde seg fram til våre dagar. Songen blei ein uoffisiell nasjonalsong under sovjettida, då den tidlegare nasjonalsongen «Mu isamaa, mu õnn ja rõõm» skriven av faren til Koidula var forboden. «Mu isamaa on minu arm» blei også brukt under Den syngande revolusjonen på 1980-talet, då Estland på nytt fekk sjølvstende.

Det siste diktet Koidula skreiv var «Enne surma- Eestimaale!» ('Før døden, til Estland!').

Minne[endre | endre wikiteksten]

Statue av Koidula i parken tileigna henne i Pärnu.

Då Estland fekk sjølvstende i 1991 blei bildet til Koidula trykt på 100-kroon-setelen og på frimerke.

Ho er minna med ein statue og ein park i Pärnu. I byen ligg og eit museum tileigna Koidula og faren J.V. Jannsen.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1866 Vaino-lilled
  • 1867 Emajõe ööbik

Utgjeve posthumt:

  • 1925 Kogutud luuletused
  • 1934 Valitud laulud
  • 1943 Valitud luuletuased
  • 1948 Valik luulet
  • 1949 Valitud luuletused
  • 1957 Teosed I:Luuletused, II: Jutud ja näidendid
  • 1967 Väike luuleraamat
  • 1969 Luuletused
  • 1978, 1993 Mu isamaa on minu arm
  • 2005 Löö, süda, õitsele!

Dikt[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lydia Koidula
Wikisource

Originaltekst av Lydia Koidula ved Wikisource (et).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]