Lydintensitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den akustiske intensiteten avtek med avstanden frå lydkjelda.

Lydintensitet, eller akustisk intensitet er akustisk effekt per flateeining[1]. Akustisk intensitet kan uttrykkast

I=P/S,

der P er akustisk effekt og S (W) er arealet (m²). Lydintensitet har difor eininga Watt/m². Den augeblikklege intensiteten kan uttrykkast

I_i(t)=p(t)u(t),

der p(t) er lydtrykket (Pa) og u(t) er partikkelhastigheita (m/s), begge som funksjon av tid. Gjennomsnittsintensiteten vert då

I\bar = \frac{1}{T} \int_0^T p(t)u(t)dt,

der T er tidsintervalet (s) det vert integrert over. Akustisk intensitetsvivå er akustisk intensitet målt i dB:

L_I=10\log_{10}\left( \frac{I}{I_{ref}} \right),

der referanseintensiten I_{ref}=10^{-12} er den lågaste akustiske intensiteten, ved 1 kHz, som ein gjennomsnittsperson oppfattar[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Beranek, L.L. og Mellow, T.J, Acoustics: Sound fields and transducers, Elsevier, 2012.