Lydkort
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lydkort er eit utvidingskomponent for ei datamaskin som ved hjelp av dataprogramvare vert nytta til å spela inn og spela av lyd.
Interne lydkort er ofte eit innstikkort/ekspansjonskort med standardgrensesnittet PCI, men kan og vere integrert på sjølve hovudkortet. For eksterne lydkort til halv- eller heilprofesjonelt bruk, er FireWire standarden, men det finnest også eksterne lydkort med eit USB-grensesnitt.
Moderne lydkort håndterer digital lyd (D/A- og A/D-konvertering), men som regel har lydkort også eit MIDI-grensesnitt med ein innebyggd MIDI-synthesizer. Dei første lydkorta til personlege datamaskinar på byrjinga av 90-talet hadde berre synthesizer, slik som AdLib.
[endre] Nokre kjende lydkort-produsentar
[endre] Koblingar
Dei fleste lydkort-produsentane nyttar Microsoft sin PC99-standard for å fargekode dei eksterne koblingane, som vist nedanfor:
| Farge | Funksjon | |
|---|---|---|
| Rosa | Analog mikrofon-inngang. | |
| Blå | Analog inngang. | |
| Grøn | Analog utgang for hovud-stereosignal (front-høgtalarar/Hovudtelefonar). | |
| Svart | Analog utgang for bak-høgttalarar. | |
| Oransje | S/PDIF digital utgang (Nokre gonger nytta som analog utgang for ein midtstild høgtalar) | |
[endre] Drivarar
For å kunne nytte eit lydkort treng dei fleste operativsystem ein spesiell drivar.
- Microsoft Windows nyttar proprietære drivarar frå fabrikantane av lydkortet som gjev desse til Microsoft som distribuerer dei vidare med operativsystemet. Nokre gonger må drivarar lastast ned frå Internett, spesielt om ein treng oppdaterte drivarar.
- Linux-kjernen som vert nytta i Linux-distribusjonar har to forskjellige driver-arkitekturar, Open Sound System og ALSA (Advanced Linux Sound Architecture). Begge inkluderer drivarar for dei fleste kort. Lydkortprodusentane sjølve produserer sjeldan eigne drivarar for Linux.
- Spesifikasjonane for Universal Serial Bus (USB) definerer eit standard grensesnitt for lydkort til å koblast mot operativsystemet, USB audio device class, tillet ein einskild drivar til å fungere med ulike USB-lydkort.