Lygra

Koordinatar: 60°41′17.912″N 5°7′15.607″E / 60.68830889°N 5.12100194°E / 60.68830889; 5.12100194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lygra
Lygra sett frå vest
Lygra sett frå vest
Geografi
Stad Alver
Koordinatar 60°41′17.912″N 5°7′15.607″E / 60.68830889°N 5.12100194°E / 60.68830889; 5.12100194

Areal 2,5 km²

Høgaste punkt 52 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 60 (2009)
Folketettleik 24 /km²

Lygra er ei øy mellom Lurefjorden og Lureosen i Nordhordland. Øya ligg nordvest i Alver kommune. Lokalt vert øya kalla Luro, og ofte vert også øya Kalven, som ligg nordom Lygra med eit smalt sund mellom, og øya Børøyna, som ligg sørom, omtala som ein del av Lygra. Lygra er lang og smal, om lag 4 km lang og 800 meter på det breiaste.

Det er veg til øya som kom i 1972, og denne går over Børøyni og vidare inn til Seim der ein kjem inn på E39.

På Lygra ligg også ei rekkje gardar og Lyngheisenteret, som er eit informasjonssenter om kystlandskapet.

Det er kring 60 fastbuande (overslag frå 2009) og ein del fritidsbustader.

På øya ligg Lygra kyrkje frå 1892, og Lygra har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Det også ein del gravminne ifrå vikingtida på øya.[1] På Kalven (øya nordom Lygra) ligg ein utgraven gard ifrå mellomalderen som ein reknar med vart aude under Svartedauden.

Det er snøggbåtstopp på flytebrygga nedom Lyngheisenteret som snøggbåten går innom etter forespurnad på sine ruter mellom Sogn og Bergen.

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3]
58 115

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lygra - Kulturlandskap i Endring av Kjersti Isdal (1998).
  2. Folketeljing 1801 for Lindås prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet