Lygren-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lygren-saka[1] var ein skandale innan norsk etterretning der ei uskuldig kvinne, Ingeborg Lygren, vart skulda for å vera spion for Sovjetunionen. Saka førte til både sjefen for etterretningstenesta, Vilhelm Evang, og sjefen for POT Asbjørn Bryhn gjekk av, medan Mellbye-utvalet blei oppretta for å granska dei hemmelege tenestene i Noreg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Saka byrja i 1955 då ein sekretær hjå Norsk etterretningsteneste (som etter 1. august 2003 har nemninga Etterretningstenesta), Ingeborg Lygren, vart flytta til Moskva og skulle ambassadesekretær for Erik Braadland. Samstundes skulle ho òg gjera tenester for norsk etterretning og Vilhelm Evang. Det som likevel skulle ta mest ressursar vart den jobben ho skulle gjera for CIA gjennom representanten for denne organisasjonen i Noreg, Robert E. Andersen, og ein CIA-sjef frå USA, Richard Kovich, som instruerte henne for oppgåva.

Som ein av fleire CIA-agentar i Moskva, nokre òg frå Noreg, skulle ho samle inn og sende post frå og til dei mange daude postkassene i Moskva. Dette er ei svært vanskeleg oppgåve som kravde mykje øving på førehand for å unngå å verta oppdaga. Den tidlegare ambassadesekretæren var Gunvor Galtung Haavik, som hadde hatt stillinga i åtte år. Haavik brukte to veker på å sette Lygren inn i oppgåvene rundt stillinga.

Planen var at Ingeborg Lygren skulle ha stillinga fram 1958, men det var vanskeleg å skaffe personell som kunne russisk den gongen, og derfor måtte ho fortsette med dette arbeidet heilt fram til august 1959. Då vende ho tilbake til Oslo og jobben som personleg sekretær hjå Vilhelm Evang. I november same året kom Richard Kovich frå CIA til Noreg for å høyra på sluttrapporten om Lygren sine meir enn tre år som CIA-agent i Moskva. Alle detaljar vart registrerte, diskuterte og arkiverte hjå CIA, som var veldig nøgde.

Jakt på moldvarpar[endre | endre wikiteksten]

I desember 1961 hoppa ein KGB-major, Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn, av og gjekk over til CIA. Han hadde mykje informasjon med seg som kunne avsløra fleire moldvarpar i CIA og FBI, og han kunne òg fortelja mykje om kven som kunne vere løynde KGB-agentar i vesten. Sumaren 1962 fortalde Golitsyn til Asbjørn Bryhn at i byrjinga av 1960 fekk KGB tak i eit NATO-dokument frå Oslo på 12 sider. Dokumentet handla om NATO sin reaksjon på Frankrike si stilling i organisasjonen og diskuterte òg det såkalla «tyskespørsmålet». Det viktigaste var likevel at Golitsyn hadde sett ein handskriven merknad på dokumentet, der det stod at «endeleg kjem det NATO-dokument frå Oslo òg» og «dette er ei veldig god rekruttering».

POT med Bryn starta då etterforsking som viste at mange institusjonar og personar hadde tilgang til dette dokumentet, inkludert Haavik, som då var sekretær for 1. rettskontor, men etterforskinga greidde ikkje å finna denne kjelda. Året etter, i 1963, fortalde Golitsyn til CIA at ein KGB-offiser med kodenamn Sasha verka som moldvarp ved CIA sin stasjon i Berlin i 1962, og hadde greidd å øydeleggja eit stort tal vestlege agent-operasjonar. Resultatet vart fengling og drap på mange vestlege agentar. Han trudde vidare at det verkelege etternamnet på denne karen byrja på bokstaven «K». Golitsyn fekk då tilgang på CIA sine arkiv og namnet på alle CIA sine agentar. Han plukka straks ut Kovich, som hadde vore agent i Berlin på det aktuelle tidspunktet. Då han bladde gjennom mappa til Kovich, kom han òg over at Kovich hadde instruert og ført Lygren som CIA-agent i Moskva i tida frå 1956 til 1959. Golitsyn meinte ved dette høvet at Lygren var KGB-agent, og at det var ho som hadde gjort Kovich til moldvarp i CIA, og ikkje omvendt.

Asbjørn Bryhn vert så i 1964 kontakta av CIA og fekk vita kva Golitsyn hadde funne ut. Den 14. september 1965 vart Ingeborg Lygren arrestert av POT, mistenkt for spionasje for ei framand makt. 10. desember 1965 føreslo Asbjørn Bryn for statsadvokat Dorenfeldt at Ingeborg Lygren skulle åtalast som spion for KGB. Bryn påstod at det låg føre ei tilståing, men Dorenfeldt fann denne så tynn at han føreslo henlegging av saka mot Lygren «på grunn av bevisets stilling» for riksadvokat Andreas Aulie. Den 14. desember same år vart Ingeborg Lygren sett fri frå kvinnefengselet på Bredtvedt i Oslo. Lygren gjekk sjukemeld fram til 1966, og fekk då atter jobb i E-staben, men ikkje som sekretær hjå E-sjefen, som då hadde vorte general Johan Berg. Arbeidet vart no omsetjing frå russisk til norsk.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

I januar 1966 vart Mellbye-utvalet skipa for å freista finna ut korleis det heile hadde gått føre seg. Utvalet kom med særs hard kritikk av POT med Asbjørn Bryhn for måten denne saka hadde vorte handtert på.

POT med Asbjørn Bryn og fleire politikarar trudde framleis Lygren var spion, og etterretningstenesta måtte prøva verna henne mot både desse kreftene og journalistar heilt fram til 1974, då Golitsyn og sjefen for CIA sin kontraetterretningsseksjon, James Jesus Angleton, mista all tiltru. Angleton vart avsett, Kovich fekk millionerstning og Lygren fekk tilbod om erstatning på 250.000 dollar. Ho avslo tilbodet frå CIA, men søkte om "billigheitsersetning" frå Stortinget, og fekk til slutt 30.000 kroner.

Det skulle gå endå tre år - til januar 1977 - før den verkelege spionen, Gunvor Galtung Haavik, vart teken på fersk gjerning under et møte med sin føringsoffiser, Aleksander Printsipalov, ved Bråten stasjon på Ekebergbanen i Oslo.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Andersen, Roy. (2009, 13. februar). Asbjørn Bryhn. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 8. august 2018 fra https://nbl.snl.no/Asbj%C3%B8rn_Bryhn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

http://www.dagbladet.no/nyheter/han-kartla-nordmenns-sexliv-alkoholbruk-og-pengeproblemer/60887933
https://snl.no/Haavik-saken