Lykken er

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Lykken er»
av Hanne Krogh
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1971
Låtskrivar(ar) Arne Bendiksen

«Lykken er» er ein song av Hanne Krogh frå 1971. Songen er skriven av Arne Bendiksen.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1971[endre | endre wikiteksten]

«Lykken er» deltok i Melodi Grand Prix 1971, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1971 i Dublin i Irland. Songen vart framført på norsk av Hanne Krogh, og vann med 52 poeng.[1][2]

Eurovision Song Contest 1971[endre | endre wikiteksten]

«Lykken er»
Eurovision Song Contest 1971
Land Noreg
Artist(ar) Hanne Krogh
Medverkande Arne Bendiksen (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Arne Bendiksen
Låtskrivar(ar) Arne Bendiksen
Resultat
Finalepoeng 65
Finaleplass 17
Noreg i Eurovision Song Contest
«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»
(1969)
«Lykken er» «Småting»
(1972)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1971 fekk «Lykken er» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1971. Kirsti Sparboe framførte songen på norsk, og enda på 17. plass med 65 poeng; sju frå Storbritannia og Irland, seks frå Monaco og Belgia, fem frå Frankrike og Portugal, fire frå Sveits og Jugoslavia, tre frå Austerrike, Malta og Finland og to frå Vest-Tyskland, Spania, Luxembourg, Italia, Sverige og Nederland. Trass den låge plasseringa, neste sisteplass, fekk bidraget ein relativt høg poengsum. Denne var på grunn av eit nytt poengsystem som gjorde at alle bidraga var garantert å få 34 poeng av di kvart land vart sett saman av ein jury på to personar som måtte gje mellom eitt og fem poeng kvar til kvart land. Arne Bendiksen var dirigent.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norway 1971» (på engelsk). esc-history.com. Henta 2. juli 2014. 
  2. «NORWEGIAN FINAL 1971» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 2. juli 2014.