Lyngenfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olderdalen ved Lyngen

Lyngenfjorden eller Lyngen (samisk Ivgovuotna) er ein fjord Troms langs kommunegrensa mellom Lyngen i vest og Skjervøy, Nordreisa, Kåfjord og Storfjord i aust. Fjorden er den lengste i Troms og strekkjer seg 85 km sørover langs austsida av Lyngsalpane til Hatteng i botn av Storfjorden.

Fjorden har innløp mellom Sotneset på Arnøy i nord og Nordklubben i sør. Vest for Nordklubben går Ullsfjorden sørover. På austsida av den ytre delen av Lyngen ligg øyane Vorterøya og Utøya, og i denne ytre delen er det få busetnader ved fjorden. Frå Spåknes og inn heile fjorden går E6 langs austsida og her er det langt fleire busetnader. Det same gjeld på vestsida sørover frå Årøya, som ligg midt i fjorden. Ved Spåknes ligg bygda Djupvik og litt lenger sør bygda Nordmannvik. Ved bygda Olderdalen går fjordarmen Kåfjorden søraustover til Birtavarre.

Ved Årøya ligg bygda Koppangen på vestsida av fjorden. Litt lenger sør ligg Rottenvika, Lyngseidet og Karnes. Ved Lyngseidet er det berre om lag 3 km over til botn av Kjosen på vestsida av Ullsfjorden. Frå Lyngseidet går det ferje over til Olderdalen på austsida som ein del av Riksveg 91. Litt sør for Lyngseidet går Pollneset ut i fjorden frå vest. Polleidet ligg mellom to viker og to bygder på kvar side av neset, Kvalvik i nord og Lyngspollen i sør. Litt sør igjen for Lyngspollen ligg bygda Furuflaten.

Skibotn er ein tettstad i Skibotnbukta på austsida av Lyngen. Frå her og inn til botn av fjorden vert han kalla Storfjorden. Storfjorden strekkjer seg 17 km inn til Hatteng. Frå botn av fjorden er det berre om lag 20 km langs Balsfjordeidet til Nordkjosbotn inst i Balsfjorden.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lyngenfjorden