Lyngshest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein lyngshest eller nordlandshest, årsgammal hingst.
20 år gammal nordlandshest, hoppe.

Lyngshest eller nordlandshest, offisielt nordlandshest/lyngshest, er ein hesterase frå Nord-Noreg. Lyngshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av lyngshestar er som ridehest og lett trekkhest. Hesten har fått namn etter heile nordlandsområdet eller Lyngen i Troms, og blir også omtala som lyngshest/nordlandshest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lyngshesten har anene sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller ute på marka og var van med å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fekk ikkje tilskot av kjøpefôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølve i inn- og utmark. Dei åt det meste dei kom over av grønt.

I 1930 var rasen utrydningstruga, og det vart sett i gang organisert al. Rasen vart mesta utrydda under andre verdskrigen, da berre et fåtal hestar overlevde dei siste krigsåra. Dei seinare åra har rasen vorte meir populær over heile Noreg. Da traktoren tok over i gardsarbeidet i 1960-åra, var situasjonen framleis ikkje bra for lyngshesten. Det var stadig færre som heldt hest, og mykje arvemateriale gjekk tapt.

Rasen vart kalla lyngshest fram til 1968, men frå da av er namnet nordlandshest vorte vanlegare. Frå 1994 var det offisielle namnet «nordlandshest/lyngshest».

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

I dag er det kring 3 000 lyngshestar i Noreg, og det blir årleg fødd kring 200 føl. Lyngshesten har status som trua - vedlikeholdt på FAO sine lister.

Dagens hestar[endre | endre wikiteksten]

Dagens hestar har svært gode køyre- og rideeigenskapar. Denne hesterasen er ein god førstegongshest som eignar seg i alle ridegreiner. Han har eit fint og roleg gemytt, men kan stundom vera noko sta. Hesten er noko større enn islandshesten og har ei meir rektangulær kroppsform – typisk for arbeidshestar. Det er mykje fargevariasjon i rasen, og dei fleste fargane er godkjente – anna enn blakk (som fjordingen).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]