Lynsjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lynsjakk er sjakk der spelarane har svært lite tenketid til å spele sjakkpartiet.

Vanlegvis har spelarane mellom tre og femten minutt kvar på heile sjakkpartiet. Det vanlegaste er fem minutt, til dømes i Noregsmeisterskapen i lynsjakk. Enda raskare lynsjakk blir gjerne kalla bullet, med til dømes 1 eller 2 minutt på heile partiet for kvar spelar. Den offisielle definisjonen i den norske omsettinga av Verdssjakkforbundet FIDE sine reglar for lynsjakk er følgjande: "Et «lynsjakkparti» er et sjakkparti der alle trekk må utføres i løpet av en gitt betenkningstid mindre enn 15 minutter for kvar av spelarane; eller grunnbetenkningstiden + 60 ganger tillegget er mindre enn 15 minutter."

Snøggsjakk (hurtigsjakk), er sjakk der tenketida til vanleg er frå 15 minutt og opp til 60 minutt for kvar spelar for heile partiet. Vanleg turneringssjakk blir spela med tenketid frå 1 time på heile partiet, og oppover i mange variantar, sjeldan lenger enn 2 timar på 40 trekk, 1 time på 20 trekk og 30 minutt på resten av partiet for kvar av spelarane.

For å halde greie på tidsbruken, brukar spelarane ei sjakklokke. Moderne elektroniske sjakklokker har innstillingar som gjer at lynsjakk kan spelast med tilleggstid, f eks 2 minutt på partiet med 12 sekund tillegg pr trekk for kvar spelar. Etter definisjonen i FIDE sine reglar blir dette 2 minutt + 12 sekund x 60 trekk, dvs 2 minutt + 12 minutt, sum 14 minutt, og dermed klart innanfor definisjonen av lynsjakk.

Den korte tenketida gjer at spelarane har kortare tid til å vurdere kvart enkelt trekk. Dette fører til eit meir oppjaga spel, særleg når tida er i ferd med å gå ut. Viss ein har brukt opp tida, så taper ein partiet, med visse unntak:

Viss stillinga på brettet er matt eller patt, når vinst på tid blir kravd, så går resultatet på brettet framom. Ein kan heller ikkje tape på tid viss motstandaren ikkje har nok brikker igjen til å kunne sette matt, typisk at han har berre kongen tilbake. Då blir resultatet remis.

I lynsjakkturneringar er regelen at viss ein spelar gjer eit ulovleg trekk, så kan motstandaren krevje vunne parti. Viss ein til dømes lèt kongen bli ståande i sjakk, så kan motstanderen krevje vinst. Det er ikkje lov å slå kongen i eit slikt tilfelle, det vil i så fall vere eit nytt ulovleg trekk, og spelaren som fekk slått kongen kan krevje vinst.

Lynsjakk og bullet er svært populert på mange sjakksider på internett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]