Lyriske stykker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tittelbladet på det fjerde heftet av Lyriske stykker

Lyriske stykker er ei samling 66 små til mellomstore stykke for solo piano skrivne av Edvard Grieg. Dei vart gjevne ut over ti hefte, frå 1867 til 1901. I samlinga finst fleire av dei best kjende stykka hans, som «Arietta», «Bryllupsdag på Troldhaugen», «Trolltog», «Til vaaren» og «Sommerfugl».

Temaet i det aller første stykket, «Arietta», var ein av komponisten sine favorittmelodiar. Han likte det så godt at han brukte det igjen til å lukke syklusen i det aller siste stykket, «Efterklang» – no i form av ein vals.

Leif Ove Andsnes spelte i 2002 inn ein CD med 24 lyriske stykke på Grieg sitt eige Steinway-flygel frå 1892, på Troldhaugen, komponisten sin villa i Bergen. Andre kjende pianistar som har gjort opptak av stykkene er Walter Gieseking, Emil Gilels og Håkon Austbø. Det finst òg nokre få opptak og pianolarullar av Grieg sjølv som speler stykkene. Desse er gjevne ut på Simax.