Lys Assia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lys Assia
LysAssia2012october.jpg
Verkeleg namn Rosa Mina Schärer
Alias Lys Assia
Fødd 3. mars 1926, Rupperswil i Aargau i Sveits
Instrument Vokal
Aktive år 1942–i dag
Yrke Songar
Eurovision
Eurovision Song Contest
Tevla for Sveits
01 (F) 1956 Artist
N/A (F) 1956 Artist
08 (F) 1957 Artist
02 (F) 1958 Artist

Rosa Mina Schärer (fødd 3. mars 1924 i Rupperswil), kjend som Lys Assia, er ein sveitsisk songar. Som ung jente var ho dansar, men etter å ha fått skryt som songar gjekk ho i 1940 frå å vere dansar til å verte songar.

Rosa Mina Schärer gifta seg med Johann Heinrich Kunz 11. januar 1957 i Zürich, og på grunn av hans svært alvorlege sjukdom, var dei berre gift ei kort periode. I dei ni månadane ho var gift med sin døane ektemann, var ho på toppen av sin karriere i Sveits og spesielt i utlandet, og ho fekk dimed liten tid saman med familien. Dei fekk dottera Maja saman. I 1963 vart Assia gift med den danske hotelleigaren Oscar Pedersen. Paret flytta seinare til Frankrike, der Pedersen døydde i ein alvorleg bilulukke i 1995. Assia vart òg svært skada i ulukka. I 1996 hadde ho ein hjarteoperasjon. Etter eit angrep heime hjå seg sjølv i Frankrike i januar 2005, flytta ho attende til heimlandet Sveits. Hunden hennar, Lucky, vart drepen i angrepet.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Lys Assia og Dima Bilan under Eurovision Song Contest 2009 der Assia var gjest.

Assia har representert Sveits i Eurovision Song Contest tre gonger, med to bidrag i 1956 og eitt i 1957 og 1958. Ho er ein av tre songarar som har delteke som artist tre gonger på rad. Dei to andre er Corry Brokken for Nederland i 1956, 1957 og 1958 og Udo Jürgens for Austerrike i 1964, 1965 og 1966. Alle tre har òg vunne tevlinga éin gong. I 2014 vil Valentina Monetta òg vere med på lista etter at ho representerte San Marino i 2012 og 2013. Assia prøvde òg å representere Sveits i 2012 og 2013 og Vest-Tyskland i 1956. Saman med Elisabeth Andreassen er ho òg den kvinnelege songaren med flest bidrag i tevlinga. I tillegg har ho vore publikum i Eurovision Song Contest ei rekkje gonger. I 1957 vart ho den fyrste som deltok på bursdagen sin, ei rekord ho hadde fram til Sanja Doležal frå gruppa Novi fosili representerte Jugoslavia i 1987.

Concours Eurovision 1956[endre | endre wikiteksten]

Assia deltok i Concours Eurovision 1956, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, med fem bidrag; tyskspråklege «Sei doch nicht so eifersüchtig», tyskspråklege «Das alte Karussell», franskspråklege «Le bohémien», italienskspråklege «Addio bella Napoli» og franskspråklege «Refrains». Dei fire sistnemde songene vart framførd saman med Quinteta Radiosa. Kor mange poeng bidraga fekk er ikkje kjend. «Das alte Karussell» og «Refrains», seinare skrive «Rafrain», vart valt ut til å representere Sveits. «Das alte Karussell» var den fyrste tyskpråklege songen som vart framførd i Eurovision Song Contest.

Schlager & Chansons[endre | endre wikiteksten]

I Schlager & Chansons, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, deltok Assia med ein song berre tre dager etter ho vann den sveitsiske uttakinga. Namnet på songen og kva for plassering ho fekk er ikkje kjend, men ho vart ikkje valt ut til å representere Vest-Tyskland. Det gjekk ryktar om at Assia framførde den tyskspråklege songen «Ein kleiner gold'ner Ring», men ho kunne berre hugse at ho hadde framførd songen i ein tysk musikkfestival. Ryktane er dimed truleg ikkje sanne. Seinare viste det seg at ho deltok i den tyske schlagerfestivalen i 1961 med «Ein kleiner goldner Ring».[1]

Eurovision Song Contest 1956[endre | endre wikiteksten]

Sveits deltok i Eurovision Song Contest 1956 i Ligano i Sveits 24. mai 1956 med «Das alte Karussell» og «Refrain», og vann med sistnemde. Namnet på vinnarsongen «Refrain» var opphavleg «Refrains», men dette vart endra før tevlinga starta. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne. Under vinnarframføringa gløymte Assia teksten, så ho og orkesteret måtte starte på nytt. Det er fyrste og siste gong i historia at det har hendt.

Concours Eurovision 1957[endre | endre wikiteksten]

I Concours Eurovision 1957, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1957, deltok ho med fem songar for andre året på rad; franskspråklege «L'enfant que j'étais», franskspråklege «Derrière la cathedrale», tyskspråklege «Musst du schon Geh'n», tyskspråklege «Ein trautes Lied vom Turm herab» og franskspråklege «Ça n'epechera pas». Kor mange poeng bidraget fekk er ikkje kjend. «L'enfant que j'étais» vart valt ut til å representere Sveits.

Eurovision Song Contest 1957[endre | endre wikiteksten]

Sveits deltok i Eurovision Song Contest 1957 i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland 3. mars 1957 og enda på åttandeplass med fem poeng; to frå Danmark og eitt frå Luxembourg, Italia og Vest-Tyskland. Dette var andre gongen Assia deltok, og det tredje bidraget hennar i tevlinga. Ho vart dimed den fyrste, saman med Corry Brokken, som deltok to år på rad, og den songen med flest bidrag i tevlinga.

Eurovision Song Contest 1958[endre | endre wikiteksten]

Lys Assia under Eurovision Song Contest 1958.

SRG SSR valte Assia og den tysk- og italienskspråkelge songen «Giorgio» internt som representant for Sveits i Eurovision Song Contest 1958 i Hilversum i Nederland 12. mars 1958. Bidraget enda på andreplass med 24 poeng; seks frå Nederland, fem frå Luxembourg, fire frå Italia og Sverige, tre frå tre frå Frankrike og to frå Belgia. Saman med Corry Brokken vart ho den fyrste som deltok tre år på rad, samstundes som ho var den songaren med flest bidrag i tevlinga. Per dags dato er ho, saman med Elisabeth Andreassen, den kvinnelege songaren med flest bidrag i tevlinga.

Eurovision Song Contest 2003[endre | endre wikiteksten]

Før bidraga vart framførd i Eurovision Song Contest 2003 i Riga i Latvia vart Assia intervjua av programleiarane Marija Naumova og Renārs Kaupers. Intervjuet fann stad via ein direkteoverføring frå Radiofonikó Ídrima Kýprou (RÍK) på Kypros.[2]

Der deutsche Vorentscheid 2006 – 50 Jahre Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

I 2006 var Assia æresgjest under Der deutsche Vorentscheid 2006 – 50 Jahre Grand Prix, den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas, og fekk annonsere vinnaren av tevlinga.

Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Under Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest, 50-årsjubileet til Eurovision Song Contest, i 22. oktober 2005 framførde Assia vinnarsongen hennar frå 1956, «Refrain». Eit kort opptak frå då ho framførde «Giorgio» i 1958 vart syna på ei skjerm.[2]

Eurovision Song Contest 2008[endre | endre wikiteksten]

Željko Joksimović og Lys Assia under den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2008.

Under den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia vart Assia intervjua på scena av programleiarane Jovana Janković og Željko Joksimović, og ho fekk vere med på å opne telefonrøystinga.

Die grosse Entscheidungsshow 2012[endre | endre wikiteksten]

I november 2011 vart ho valt ut delta i ei uttaking arrangert av den tyskspråklege kringkastaren Schweizer Fernsehen (SF) til finalen i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbadsjan. Ho vart røysta fram som éin av seks deltakarar via Internett og ein ekspertjury som gjekk vidare til finalen. I finalen 10. desember 2011 enda Assia på åttandeplass med 5,48 prosent av røystane og fekk ikkje representere Sveits.

Eurofest 2012[endre | endre wikiteksten]

I 2012 deltok ho som pauseunderhaldning i Eurofest 2012, den kviterussiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012, der ho framførde «Refrain».[3]

Die grosse Entscheidungsshow 2013[endre | endre wikiteksten]

I 2012 vart ho valt ut, saman med hip-hop-gruppa New Jack, til å delta i ein Internettrøysting med songen «All In Your Head», der ein kunne røyste ho vidare til finalen i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[4][5][6] Ho gjekk ikkje vidare til finalen og fekk heller ikkje representere Sveits.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Facebook skreiv Assia at ho ville like å representere eit anna land enn heimlandet Sveits i 2013 av di ho ikkje vann den sveitiske uttakinga. I sosiale medium vart det spekulert i om ho ville representere San Marino av di Ralph Siegel skreiv det sanmarinske bidraget i 2012 og hennar eige bidrag i den sveitsiske uttakinga.[7] Assia avsanna at ho ville representere San Marino då nettstaden ESC Nation 4. januar 2013 publiserte ei pressemelding Assia hadde sendt dei.[8][9]

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige var Assia tilstade, og vart mellom anna intervju av programleiar Petra Mede då dei sat i green room under den andre semifinalen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan Feddersen: Ein Lied kann eine Brücke sein, Hoffmann und Campe 2002
  2. 2,0 2,1 Mal:Kjelde ww
  3. Gordon Roxburgh (14. februar 2012). Today: Belarus stages Eurofest final (engelsk). Vitja 23. juni 2013.
  4. Eurovision Video's 2013 All in my Head (tysk). Schweizer Fernsehen. Vitja 21. desember 2012.
  5. Switzerland online voting in national selection started (engelsk). Eurovision.tv.
  6. Der Videoclip ist da: So hip-hoppt Lys Assia (tysk). Schweizer Fernsehen (7. oktober 2012). Vitja 17. oktober 2012.
  7. Lys Assia to represent San Marino? Lys answered mysterious today (engelsk). EuroVisionary (20. desember 2012). Vitja 22. juni 2013.
  8. at next for Lys Assia? (engelsk). ESC Nation (4. januar 2013). Vitja 22. juni 2013.
  9. San Marino: Lys Assia denies participation (engelsk). ESCToday (5. januar 2013). Vitja 22. juni 2013.

Mal:Deltakarar i Eurovision Song Contest 1957

Mal:Eurovision Song Contest 2003

Mal:Die grosse Entscheidungsshow 2012