Lysaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nedre del av Lysakerelva, med gamle industriområde gjort om til kontor og kjøpesenter. (Foto: Kjetil Lenes)
E18 ved Lysaker i retning Drammen, i 1981 før kontorutbygginga skaut fart.

Lysaker er ein stad på grensa mellom kommunane Bærum i Akershus og Oslo. Kommunegrensa følgjer Lysakerelva, ho munnar ut i Lysakerfjorden ved Lysaker. Lysaker er ein del av tettstaden Oslo og sterkt prega av moderne kontorbygg. Namnet kjem av norrønt Ljósakr, lys eng.

Lysaker er eit trafikknutepunkt. Ingen andre stader i Noreg passerer det fleire bilar i døgn enn på Europaveg 18 ved Lysaker. Statens vegvesen har rekna ut at det i perioden 2005–2010 vil vere i gjennomsnitt 170 000 passeringar kvart døgn.

Lysaker stasjon ligg på Drammensbanen og frå 2011 òg på Askerbanen. Flytoget stoggar på Lysaker, og det er òg eit bussknutepunkt og passasjerferje til Nesodden her.

Fritjof Nansens hus «Polhøgda» ligg på Lysaker. Det huser no Fritjof Nansens institutt.

Lysaker har gjeve namn til den uformelle gruppa Lysakerkretsen; kunstnarar og vitskapsmenn som levde i området rundt 1900.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]