Lysbeinlire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lysbeinlire
Lysbeinlire Foto: Brian Gratwicke
Lysbeinlire
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Ardenna
Art: Lysbeinlire A. carneipes
Vitskapleg namn
Ardenna carneipes

Lysbeinlire (Ardenna carneipes) er ei stor, einsfarga mørkbrun lire i stormfuglfamilien. Lysbeinlirer har utbreiing i Stillehavet og i Indiahavet og hekkar i Australia, på øyar ved Nordøya på New Zealand og på øya Île Saint-Paul i Indiahavet.

Fuglen har kroppslengd på 44 centimeter, og veg ca. 600 gram. Lysbeinlirer har namn etter farga på beina, nebbet er òg bleikt, men med mørk nebbspiss. Elles er desse fuglane mørk, sjokoladebrune i fjørdrakta.[1]

Store hekkekoloniar ligg på Lord Howe-øya aust for Australia, på øyar langs austkysten av Nordøya på New Zealand, ned til Cooksundet, på fastlandet av sørvestre Australia og på Île Saint-Paul. Utanom hekkesesongen, ca. april til seint i september, trekkjer dei spreitt over Indiahavet[2] og Stillehavet og kan treffast utanfor Korea, Japan og Nord-Amerika.[1]

Dei hekkar i store koloniar og kan blande seg med storvengpetrellar (Pterodroma macroptera), grålirer og dverglirer i felles koloniar. På New Zealand føregår hekking frå slutten av november, rugetida på det eine egget er ca. 53 dagar og ungen kan flyge etter ca. 92 dagar i april eller mai.

Lysbeinlirer et mest blekksprut og fisk og kan følgje kvalar, delfinar og fiskebåtar.[1]

Populasjonen er estimert til totalt over 650 000 individ (2004) og er stabil.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]