Lysefjorden i Forsand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lysefjorden er ein sidefjord til Høgsfjorden i Forsand kommune i Rogaland. Fjorden er kjend for dei særs bratte fjellsidene med stader som Preikestolen og Kjerag. Fjorden er 39 km lang og er nesten 500 meter djup på det djupaste. I 2006 vart Lysefjorden vitja av 279 768 turistar[1].
I innløpet til Lysefjorden ligg Oanes og Forsand på kvar side av fjorden med kvar sin kai. Lysefjorden går frå innløpet ved Høgsfjorden og nordaustover til Lysebotn. Ytst i fjorden ligg Lysefjordbrua som er den einaste brua over fjorden.
På sommarstid går det turistferje inn i fjorden kvar dag. Utanom høgsesongen på sommarstid går det rutetrafikk med hurtigbåt. Forsand, Oanes, Songesand og Lysebotn er tilknytt vegnett. Vegane til Songesand og Lysebotn er vinterstengd.
På grunn av høge fjell og store innsjøar på viddene er Lysefjorden vorte nytta til vasskraftproduksjon. Det første kraftverket var Flørli kraftverk som har ei fallhøgd på 740 meter. Flørli kraftverk nytta lenge ei rørgate som gjekk ned langs fjellsida og kraftstasjonen som er godt synleg frå fjorden. Lyse kraftverk er eit anna kraftverk langs fjorden. Begge kraftverka er sprengt inn i fjellet og gjev til saman straum til meir enn 100 000 innbyggjarar. Lysebotn er stort sett busett av arbeidarar ved desse kraftverka. Frå Lysebotn og opp til Øygardsstølen stig Fylkesveg 500 900 høgdemeter gjennom ei rekkje av 27 hårnålssvingar.
Innhaldsliste |
[endre] Turisme
I 2006 vart Lysefjorden vitja av 279 768 turistar[1]. Med dette vart Lysefjorden og stadene langs Lysefjorden det mest vitja området i Rogaland i 2006. Preikestolen hadde 95 000 vitjande og Kjerag/Øygardstølen hadde 27 375. Lysefjordsenteret hadde 32 000 vitjande, medan Flørli hadde 4 000. Båtturar (ferje og hurtigbåt) i Lysefjorden var på 101 133.
[endre] Stader langs fjorden
Stadane har kai eller er fjell og er nemnd i rekkefølgje innover i fjorden.
- Oanes
- Forsand
- Høllesli
- Vika
- Fossmark
- Preikestolen (fjell)
- Bratteli
- Bakken
- Flørli
- Songesand
- Kjerag (fjell)
- Lysebotn
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Deler av denne artikkelen bygger på «Lysefjorden i Forsand» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2008.
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Stavanger Aftenblad - Tirsdag 26. september 2006, del 2 side 17 - «Lysefjorden trekker flest»

