Ljosfarten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lysfart)

Ljosfarten eller lysfarten (symbol c) er ein viktig konstant i fysikken og den farten ljos forplantar seg med. Ljosfarten er definert til å vera 299 792 458 m/s i perfekt vakuum og er ein universalkonstant. Denne verdien vert nytta for definisjonen av lengda av meteren. I følgje relativitetsteorien er ljosfarten i tomt rom ei øvre grense for den farten energi kan forplante seg med.

I materielt stoff skil ein mellom gruppefarten og fasefarten til ljoset. Gruppefarten er den farten energien i ljosstråla forplantar seg med og er lik c/n, der n er brytingsindeksen.

Fasefarten er lik produktet av bølgjelengd og frekvensen til ljoset, og er lik c · n. I dei fleste stoffa er n større enn 1, men kan i einskilde tilfelle for bestemde bølgjelengder bli mindre enn 1. Slike stoff vil alltid ha stor absorpsjon, og ein får trass i at gruppefarten då er større enn c, ikkje noko energi som forplantar seg med så stor fart. Alt materielt stoff forplantar seg med ein fart mindre enn c.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]