Lyskamm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Lyskamm | |
| Liskamm | |
| fjell | |
|
Nordvestsida
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Wallis-Alpane |
| høgd | 4 527 moh |
| skardhøgd | 376 m ↓ mot Monte Rosa |
| koordinatar | |
| Førstestiging av | J. F. Hardy |
| - dato | 1861 |
Lyskamm eller Liskamm er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 527 meter over havet. Fjellet består av ein fem kilometer lang rygg med to toppar. Den sørlege sida i Italia er ru og reiser seg nokre hundre meter over isbreen nedanfor (Ghiacciaio del Lis), medan nordsida i Sveits er ein imponerande 1100 meter høg isvegg som stig opp frå Gornergletscher.
Den vanlegaste ruta til toppen er frå Felikjoch i vest til Listjoch i aust, eller omvendt. Den austlegaste og høgaste toppen vart først klatra i 1861 av eit lag på 14 mann (åtte engelsmenn og seks sveitsarar) leia av J. F. Hardy opp austryggen.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lyskamm frå Engelsk Wikipedia .