Lyske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lyske- (gult) og underlivsområdet (blått).
1. Interspinalplan/-linje (planum interspinale)
2. Bukmuskel (m. rectus abdominis)
3. Lyskekanalen (sulcus inguinalis).
Illustrasjon: Handbuch der Anatomie des Menschen, Dr. Bock, 1841. (PD)

Lyske eller røyr (latin: inguen) er overgangen mellom underliv og lår. Innvendig i lysken ligg lyskekanalen, ei opning i bukmuskulaturen. Lyskebrokk er utposing av bukhinna gjennom lyskekanalen.

I lysken ligg store vener (vena femoralis, vena saphena magna) og pulsårar (arteria femoralis) nære overflata.

Lyskestrekk er strekk i ein av dei store lårmusklane.