Lysspreiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lysspreiing er ei form for spreiing der lys er energiforma som vert spreidd. Ein kan tenkje seg lysspreiing som ei form for avbøying av ei stråle som går langs ei rett linje, til dømes av ujamnheiter i mediet det forplantar seg gjennom, eller i grenseflata mellom to medium. Avvik frå refleksjonslova på grunn av ujamnheiter på overflata vert òg vanlegvis rekna å vere ei form for spreiing. Når desse ujamnheitene vert rekna å vere tilfeldig og tett nok til at effekten av kvar av dei vert midla ut, vert denne forma for spreiingsrefleksjon rekna som som diffus refleksjon.

Dei fleste lekamar ein kan sjå er synlege fordi lys vert spreidd frå overflata av lekamen. Dette er ein av dei viktigaste mekanismane innan fysisk observasjon.[1][2] Spreiing av lys er avhengig av bølgjelengda ellerfrekvensen til lyset som vert spreidd. Sidan synleg lys har bølgjelengd med ein orden kring ein mikrometer, kan ein ikkje sjå lekamar som er mykje mindre enn dette, sjølv ved hjelp av mikroskop. Finfordelte partiklar så små som 1 µm er direkte observert i vassoppslemming.[3][4]

Mekanismar i diffus refleksjon omfattar mellom anna overflatespreiing som kjem av ruheit og indre spreiing frå dei indre ujamnheitene som korngrenser i polykrystallinske tørrstoff.

Transmisjon av forskjellige lysfrekvensar er viktige innan alt mogeleg frå vindaugsglas til optiske fiberkablar og infraraud (IR) varmesøkjande missil-system. Lys som forplantar seg gjennom eit optisk system kan dempast av absorpsjon, refleksjon og spreiing.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kerker, M. (1969). The Scattering of Light. New York: Academic. ISBN 0-12-404550-2. 
  2. Mandelstam, L.I. (1926). «Light Scattering by Inhomogeneous Media». Zh. Russ. Fiz-Khim. Ova. 58: 381. 
  3. van de Hulst, H.C. (1981). Light scattering by small particles. New York: Dover. ISBN 0-486-64228-3. 
  4. Bohren, C.F. and Huffmann, D.R. (1983). Absorption and scattering of light by small particles. New York: Wiley-Interscience. ISBN 0-471-29340-7. 
  5. Fox, M. (2002). Optical Properties of Solids. Oxford University Press, USA. ISBN 0-19-850612-0. 
  6. Smith, R.G. (1972). «Optical power handling capacity of low loss optical fibers as determined by stimulated Raman and Brillouin scattering». Appl. Opt. 11 (11): 2489–94. Bibcode 1972ApOpt..11.2489S. doi:10.1364/AO.11.002489. PMID 20119362.