Lystelefon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein lystelefon er eit apparat for å overføre lydar ved hjelp av lysstrålar. Prinsippet for lystelefoni er at lysstrålen blir modulert i takt med lydsvingingane. Det modulerte lyset blir registrert ved hjelp av t.d. ei fotocelle og skapar ein straum som varierer på tilsvarande måte som lyset. Etter passande forsterking skapar så straumen lydar i ein høgttalar.

Den første lystelefonen vart laga etter eit prinsipp oppdaga av Simon i 1897, der talestraumen frå ein mikrofon blir transformert inn i straumkrins for ein lysboge, og skapar lyssvingingar i takt med mikrofonsvingningane. Ljoset blir samla med ein parabolsk spegl og blir dirigert mot mottakaren, som òg består av ein parabolsk spegl med ei fotocelle i brennpunktet. Lystelefonen kan arbeide med infraraud stråling som er usynleg. Dette har gjeve det militær bruk.

Lystelefoni har etter kvart fått ny aktualitet i samband med laserar, som både gjev ei skarp lysstråle som kan sendast direkte eller førast gjennom fiberkablar over store avstandar og som, på grunn av koherensen til strålen, gjer det mogleg å formidle mange lydsignal samstundes ved hjelp av multiplekssystem.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]