Lyttelton Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 43°37′S 172°44′E

Utsikt mot innløpet til Lyttelton Harbour.
Utsikt over Lyttelton Harbour.

Lyttelton Harbour (maori Te Whaka-raupo) er ei naturleg hamn og eit av ei to store innløpa på Banks Peninsula, på kysten av regionen CanterburyNew Zealand. Det andre er Akaroa Harbour.

Hamna er om lag 15 km lang frå munningen til Teddington, og vart danna ved ein serie av tidlege vulkanutbrot som danna ein kaldera, der dei bratte sidene har forma Port Hills på den nordlege breidda i hamna[1].

Den største busetnaden ved hamna er Lyttelton, som tener som hamneby for Christchurch, og som har samband med Christchurch gjennom den enkeltspora jarnvegstunellen Lyttelton rail tunnel (opna i 1867), ein tofelts vegtunell (opna i 1964) og to vegar over Port Hills. Diamond Harbour ligg på sørsida av hamna, og māorilandsbyen Rāpaki i vest. Innerst i hamna ligg busetnaden Governors Bay. Reservatet Quail Island ligg nær botnen av hamna, og Ripapa (Ripa) Island ligg like utanfor sørbreidda ved innløpet til Purau Bay.

Lyttelton Harbour er innløpet til ei travel kommersiell hamn i Lyttelton. I 1877 tok Lyttelton Harbour Board (no Lyttelton Port Company) initiativ til å byggja ei indre hamn som i dag også omfattar oljetankar og ei moderne containerhamn.[2]

Øya Ripapa har utbreiddde festningsverk og vart under den første verdskrigen brukt til internering av tyske borgarar, den mest kjende av desse var grev Felix von Luckner. Quail Island vart brukt til leprakoloni av dei tidlege europeiske innvandrarane, og har seinare vorte eit naturreservat.

Hektordelfinar, ei stadeigen (endemisk) art på New Zealand finst her saman med newzealandsk pelssel (Arctocephalus forsteri).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Geology of the Provinces of Canterbury and Westland, New Zealand (web). New Zealand Electronic Texts Collection. NZETC (1879). Vitja 7. februar 2012.
  2. Canterbury Places Te Ara Encyclopedia of New Zealand

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lyttelton Harbour