M

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å
Bokstaven M

Bokstaven M (m) er den 13. bokstaven i det latinske alfabetet og den 12. i det greske alfabetet (M μ). Bokstaven stammar frå det det fønikiske alfabetet. På norsk viser M til den den bilabiale, nasale sonanten. På semittisk heitte bokstaven mem. Grekarane kalla han my i analogi med ny for n. I den opphavlege biletskrifta i Egypt var bølgjelinja eit teikn for vatn. Romarane kalla bokstaven em.

Runealfabetet har bokstaven som fjerde bokstav i tredje ætt.

M kan stå for[endre | endre wikiteksten]

Minuskelen, m, kan stå for[endre | endre wikiteksten]

  • prefikset milli- (=10−3) i SI-systemet. Skrive føre eit einingssynbok seier det at eininga skal dividerast med 1000.
  • m, symbol for masse. Partikkelmasse vert gjeven ved m med partikkelsymbol som indeks, til dømes me for elektronmasse, ma for atommasse og mp for protonmasse.
  • symbol for lengdeeininga meter.
  • symbol for molal eller molalitet.
  • m. står på engelsk mellom anna for male (hankjønn), married (gift) og mile(s) (engelsk mil).
  • i grammatikken forkorting for hankjønn.
  • i musikk er m ei forkorting for fransk main eller italiensk mano ('hand'). I orkegelmusikk er det ei forkorting for manual. Som dynamisk teikn er det ei forkorting for italienske mezzo, som tyder middels.
  • reseptar forkorting for latin misce, som tyder «bland». Legen har skrive til apoteket om å blande den medisinen som er føreskriven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«M – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.