Máirtín Ó Cadhain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Máirtín Ó Cadhain

Máirtín Ó Cadhain (190618. oktober 1970) var ein av dei mest framståande irskspråklege forfattarane på 1900-talet.

Han var frå Connemara, var irsk nasjonalist med band til IRA og språkaktivist. Han var internert av politiske grunnar frå 1942 til 1949. I si diktargjerning var han modernist og nytta eit vidt spekter av dialektar (til og med skotsk gælisk). Han skreiv utelukkande på irsk, i motsetnad til andre forfattarar frå dei irskpråklege områda, t.d. Liam Ó Flaithearta som skifta namn til O'Flaherty og språk til engelsk etter han slo i gjennom.

Ó Cadhain skreiv ei rekke noveller, dessutan tre romanar. Berre ein av romanane blei gjeve ut mens han levde; Cré na Cille i 1949. Boka er samtalar mellom gravlagde på ein kyrkjegard og er eit absurd bilete på livet på den irske landsbygda. Trass i at romanen er kjent som ei sentral bok i irsk litteratur, kom den fyrste omsettinga av boka til eit anna språk ikkje før i 1995. Det var til norsk (Kirkegårdsjord) ved Jan Erik Rekdal.

Fleire skrifter er blitt gjeve ut etter han døyde. Han var utdanna lærar og blei æresprofessor i irsk ved Trinity College i Dublin året han døyde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!