Märklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit Märklin modelljarnbanesystem.

Gebr. Märklin & Cie. GmbH eller berre Märklin er eit tysk leiketøysføretak som vart oppretta i 1859. Opphavleg produserte føretaket tilbehøyr til dokkehus, men er i dag mest kjend som produsent av modelljarnbaner. Märklin gjekk konkurs den 4. februar 2009, same året som føretaket vart 150 år. [1]

Tre ulike modelljarnbanesystem vert seld under Märklin varemerket, 1:32 skala som også kallast Spor 1, 1:87 skala som høyrer til den mest populære modelljarnbaneskalaen H0 og 1:220, eller Z-skala som er det minste, kommersielt produserte modelljarnbanesystemet. Z-skala nyttar seg av likestraum i likskap med alle andre modelljarnbanesystem. Märklin H0 og 1 nyttar vekselstraum, og i H0 vert det nytta ein straumførande leier mellom dei to spora.

I ein periode vart Märklin Z-skala seld under varemerket Mini-club, men denne benevninga fall vekk etter 2005.

Bokstaven Z vart valt til lanseringa i 1972 som den siste i alfabetet, for å markere at dette var det desidert minste modelljarnbanesystemet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Märklin meldet Insolvenz anI Der Spiegel Online, 4. Feb. 2009