Måløy-raidet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Måløy-raidet eller Måløyraidet var eit åtak mot det okkuperte Noreg under den andre verdskrigen. Militæroperasjonen fekk det engelske kodenamnet «Operation Archery» (operasjon bogeskyting).

Åtaket vart planlagt, leia og gjennomført av den britiske militæreininga Special Operations Executive (SOE). Norske mannskap deltok. Eininga vart kalla «Commandos», kommandostyrkjer.

Aksjonen vart sett i verk i romjula 1941 (26. – 28. desember). Samstundes med åtaket på Vestlandet vart "operation Anklet" iverksett mot Reine og Moskenes i Lofoten. Operasjon Anklet i Lofoten tente først og fremst som avleiing for det større åtaket retta mot mål i Måløy og på Vågsøy. Desse to åtaka var dei fyrste, større, kombinerte åtaka etter at Kompani Linge var formelt organisert.

I operasjon Archery deltok ein styrke på 576 mann, av dei 51 offiserar. Mellom desse var Martin Linge og 15 andre frå Kompani Linge. Fabrikkar, lagerbygg i tillegg til tyske forlegninger i målområdet vart påført skadar og 8 skip vart senka. Åtaket var militært sett vellukka, men Linge sjølv fall.

Åtaket var nok til å overtyda Adolf Hitler om at store styrkar måtte til for halda Noreg. Engelskmennene ynskte å få det til å sjå ut som om ein større invasjon var under planlegging. Ein grunn for engelskmennene til å invadera Noreg var å setja press på Sverige og Finland. Tyskarane oppgraderte særleg forsvaret langs kysten. Slagskipa «Gneisenau», «Admiral Hipper», «Lützow», «Prinz Eugen», «Tirpitz» og «Scharnhorst» vart sende til Noreg. Om desse hadde vorte sett inn andre stader kunne det hatt stor innverknad.

Måløy-raidet førte til stor aktivitet frå tysk side i Måløy, og i området er det mange krigsminne som er dokumentert og registrert gjennom prosjektet Lokale kulturminneplanar. [1]. Kulturminna er mellom anna tilgjengelege på Kulturminnesøk.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune si nettside på prosjektet lokale kulturminneplanar. Besøkt 22 januar 2014

Nettside om Måløyraidet


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]