Måleininga tønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tønner

Tønne er ei eldre måleining, hovudsakleg for volum. Eininga vart nytta over nesten heile Europa for den vara tønna var meint for. Storleiken varierte med vareslag og stad.

Volum[endre | endre wikiteksten]

Ei tønne tørre varer, som korn, var i Noreg frå 1683 åtte skjeppe, utrekna å tilsvare 139 liter, men storleiken har variert gjennom tidene og mellom ulike distrikt. På ei tønne går det fire fjerdingar eller kvartel a 34,71 liter. Det var òg vanleg å bruka mål som halvtønne.

Ei tønne for flytande varer er 115-120 liter, meir nøyaktig utrekna til 115,8 liter. På ei slik tønne går det tre anker a 38,6 liter. I dag er eit meir standardisert tønnemål 100 kg.

Ei tønne fisk var i Noreg frå 1500-talet 115-120 l. Frå 1683 skulle fisketønna ta 136 pottar, dvs 131,6 liter. Fisketønner på 120 pottar vart òg bruka. Fisketønna vart òg bruka til å måle tjære, tran, øl m.m. I 1683 vart ei norsk og dansk korntønne sett lik 144 potter eller 139,4 liter, i Noreg frå 1824 lik 4,5 ft³, 139 l. Ei tønne smør, sild, øl, tran og feitevarer var 136 potter (41/4 ft3, 131 liter), ei tønne fisk eller tjøre 120 potter eller 116 liter. Ei tønne poteter vart vanlegvis rekna lik 100 kg som svarar til ei korntønne toppmål.

I andre land varierte tønne mellom 100 og 200 l. Ein britisk tun er 252 gallon eller 1144 liter. Den britiske eininga som svarar til tønne er barrel.

I Det nye testamentet er eininga tønne bruka som holmål for korn[1] tilsvarande ikring 360 liter.[2]

Flatemål[endre | endre wikiteksten]

Tønne land har òg vore brukt som eit flatemål for dyrka mark, lik det arealet det gjekk ei tønne såkorn på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]