Måleomformar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein måleomformar er ein komponent som konverterer frå ein storleik til ein annan. Det kan til dømes vera at eit akselerometer gjev ut ei spenning som er proporsjonal med aksellerasjonen, men at ein ynskjer å overføra dette signalet via ei 4 - 20 mA straumsløyfe. I dette tilfelle vil måleomformaren si oppgåve vera å konvertera frå spenning til straum. På grunn av at måleomformarar sender ut eit signal vert òg omgrepet transmitter (sendar) nytta.

Innan moderne instrumentering vert måleverdiane som oftast omforma til digital form. Det analoge signalet frå sensoren vil då verta sampla (tasta) og kvantisert av ein innebygd AD-omformar, slik at ein endar opp med ein sekvens av binære ord, som så vert overført til mottakaren. Den binære sekvensen vert pakka etter ein eller annan protokoll og overført (på bit-seriell form) til mottakaren, som til dømes kan vera ein dataloggar eller eit reguleringssystem. Tidlegare var det vanleg å nytta RS-232, RS-485, o.l., men nyare instrumentering nyttar som oftast ei eller anna form for pakkesvitsja nett.

Om mottakaren er ein regulator som inngår i ei lukka reguleringssløyfe er det viktig at signalet ikkje vert unødig forsinka, ettersom reguleringssløyfa vert ustabil om forseinkinga er for stor i høve til den dominerande tidskonstanten i «prosessen» som vert regulert.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]