Måleuvisse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Måleuvisse eller måleusikkerheit er ein storleik knytt til eit måleresultat og skildrar området av verdiar der det er rimeleg å vente at den sanne verdien ligg. Måleuvissa er altså eit tal som skildrar ein mangel på eksakt kunnskap om måleresultatet. Måleuvissa finn ein ved statistiske berekningar, basert på kunnskap om målinga, måleutstyret og målevilkåra. Ved å velje storleiken på uvisseintervallet kan ein velje kor stort sannsynet er for at ein sann verdi er innanfor intervallet. Vanlegvis skildrar ein måleuvissa slik at det er kring 95 % sannsynleg at den sanne verdien ligg innanfor måleresultatet i måleuvissa.

Det er ingen instrument som kan måle eksakt, og der derfor prinsipielt umogeleg å vite sann verdi for ei måling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]