Måling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det å måla eigenskapane til noko, sjå målevitskap.
Grønmåling runne ut i grusen frå eit målingspann.
Foto: Nee

Måling er ei generell nemning på fleire typar flytande produkt som vert nytta til å legge pigment på overflater. Måling består av bindemiddel, tynningsmiddel, fargestoff (pigment) og ymse tilsetningar.

Den viktigaste komponenten er bindemiddelet, som både skal binda målinga til underlaget, og binda saman pigmenta i målinga. Bindemiddelet er tørt eller tjuktflytande, og er difor tynna ut med ei væske som fordampar når målinga er smurd utover. Eigenskapane til bindemiddelet og tynningsvæska avgjer kva slags måling det er.

Oljemåling[endre | endre wikiteksten]

I gamle dagar vart oljemåling laga med linolje, men i dag nyttar ein alkyd. Tynningsmiddelet er white spirit, som i til dømes husmåling utgjer frå 20 til 60 (men vanlegvis mellom 30 og 40) prosent av målinga. Tynningsmiddelet fordampar raskt, og deretter reagerer alkydet kjemisk med oksygen frå lufta og blir tørt. For at denne prosessen skal gå raskare, tilset ein alltid ein katalysator som er ei metallsambinding av kobolt og zirkonium.

Bindemiddelet i moderne husmåling kan i tillegg ha innreagert ei silikonsambinding for å gjera målinga meir haldbar.

Vassbasert måling[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste vasstynna målinga er akrylmåling. I motsetnad til oljemåling, som herdar gjennom oksidering, er vassbasert måling tørr så snart vatnet har fordampa. Under fordaminga smeltar akrylmolekyla saman gjennom sintring og dannar ein film som er svært sterk. Difor er vassbasert akrylmåling meir brukt til utandørs måling enn oljebasert måling.

Akryl har lita evne til å trengja inn i underlag som tre, og difor trengst det gjerne grunning før sjølve målinga blir påført.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Måling er særs utbreidd, og ei eller anna form for måling vert nytta på dei fleste objekta vi har rundt oss i kvardagen:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]